Hopp til innhold

Russen - betre enn sitt rykte

Når ein samlar 6.000 russ på ein gong må det bli bråk. Eller?

Russetreff

Det var svært lite bråk i samband med russetreffet på Lillehammer i løpet av helga.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

- Russen er god, snill og flink, seier arrangør Lars Nes.

- For vår del har det vore svært roleg. Vi har ikkje innbrakt nokon frå russetreffet, seier operasjonsleiar i Gudbrandsdal politidistrikt, Stig Nårstad.

- Utruleg artig!

Det kan altså virke som om russen faktisk er betre enn sitt noko frynsete rykte. Både politiet og arrangørane kan fortelje at det har vore blide, ordentlege og trivelege russ som har besøkt Lillehammer denne helga.

I alt var omlag 6.000 ungdommar kledd i raude, svarte og blå dressar innom Birkebeineren skistadion i løpet av helga.

Oda Gundersen og Linn Mari Bakken

Oda Gundersen og Linn Mari Bakken har eit ei strålande helg på Lillehammer, og var fortsatt ved godt mot sundag formiddag.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

- Det har vore utruleg artig. Folka og musikken har vore det beste, seier russejentene Oda Stensrud Gundersen og Linn Mari Bakken frå Hamar.

Dei understrekar at forma fortsatt er bra, til tross for ei hendingsrik helg.

- Vi er nok litt slitne. Men det blir fortsatt spelt musikk her og folk er blide, så det er ikkje noko problem, smiler dei to.

- Kva er grunnen til at det har vore så lite bråk her?

- Vaktene rundt her har vore flinke og hjelpsomme dersom det dukka opp problem. Samtidig tek vi vare på kvarandre, og hjelp til dersom det er nokon som slit, seier dei to.

259 skader

Lars Nes

Organisasjonsansvarleg Lars Nes tykkjer russen har oppført seg svært bra.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Lars Nes i arrangøren Lillehammer Olympiapark trur også at deira organisering kan vere med og skape ro og orden.

- Vi trur vi er ganske flinke på det. Vi har over 200 personar i arbeid samtidig, og vi får skryt frå russen fordi vi er synlege. Dugnadsvaktene er her for å vise omsorg, samtidig som vi har ei profesjonell vaktstyrke som tek seg av dei meir alvorlege tinga.

Norsk Folkehjelp var også til stades på området, og har i alt fått 259 skader å hanskast med.

- Men dette dreier seg om alt frå hovudpinetablettar til plaster og gnagsårtape. Det har ikkje vore alvorlege hendingar, seier Nes.

Skryt frå politiet

- Våre politifolk som var til stades har gjeve uttrykk for at det var rolege og hyggelege tilstandar, seier operasjonsleier Stig Nårstad i Gudbrandsdal politidistrikt.

Dei hadde kalla inn ekstra personell før helga, men fekk svært lite å gjere i samband med russetreffet.

- Vi er overraska over kor stille det har vore. Arrangørane har organisert det bra, samtidig må vi takke russen for at dei er samarbeidsviljuge og hyggelege.

- Er russen betre enn sitt rykte?

- Ja, i helga har dei i alle fall vore det, seier Stig Nårstad.

Russetreff Lillehammer

Det var ikkje alle som kom seg frå Lillehammer heilt på eigne hjul.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK