Hopp til innhold

Rovdyra øydelegg for raudgrøne

Ulv og bjørn kan ha gjeve borgarlege stemmer.

Ulv
Foto: Løchen, Per / SCANPIX

Mykje tydar på at rovdyrproblematikken ikkje på nokon måte har vore ei god sak for dei regjerande partia.

Frustrasjonen har vore stor fleire stader både i Hedmark og Oppland der rovdyra har herja i sommar. Særleg har Galven-tispa, som har vandra i mellom anna Stange, Elverum og Sør-Hedmark, teke mykje sau.

Dei foreløpige resultata tyder på at dette kan ha gjeve klare utslag i stemmegjevinga i fleire kommuner.

Klar nedgang i Grue

Ein av stadene dette viser seg er i Grue. Der har dei raudgrøne gått ned med til saman 4,4 prosentpoeng. Høgre og Framstegspartiet, som har signalisert ei tøffare linje mot rovdyra, går derimot kraftig fram. FrP går fram med 2,5 prosentpoeng, Høgre med 2,7.

Også i Kongsvinger, Engerdal og Stor-Elvdal ser ein liknande utslag. Dei store borgerlege partia går fram, og dei raudgrøne attende.

- Rovdyra er nok ein medvirkande årsak til vår framgang her. Galven-tispa og dei andre rovdyra som har herja der har gjeve oss eit pluss. Vi har ein heilt klar rovdyrpolitikk. Vi seier nei til ulv, det er ikkje dei andre partia så klare på, seier FrP sin fyrstekandidat i Hedmark, Per Roar Bredvold.

- Berre ein del av grunnen

Senterpartiet sin fylkesleiar i Hedmark, Arnfinn Nergård, kjøper ikkje umiddelbart teorien om at rovdyra har skremt veljarane bort frå dei raudgrøne.

- Rovdyrdebatten er berre ein del av det veljarane vurderer, så eg trur ein skal vere forsiktig med å leggje altfor mykje i desse tala. Ei av dei kommunene som er mest plaga av rovdyr er Rendalen, der går Senterpartiet fram med 1,3 prosentpoeng, seier Nergård.

Og tala i andre rovdyrkommuner viser også at Nergård kan ha rett. Stange, som egentleg skal vere ulvefri, har hatt besøk av to ulvar denne sommaren. Der ser det ut til at både Arbeiderpartiet og Senterpartiet går fram, medan SV går kraftig attende.