Hopp til innhold

Røde Kors vart lei pantetjuvar – begynte å spore flaskene

Hjelpekorpset i Løten trur dei har mista panteinntekter på rundt 60.000 kroner.

Aina Borkhus og Sivert Brennhaugen i Løten Røde kors hjelpekorps viser frem panten.

SPORAR PANTEN: Løten Røde Kors Hjelpekorps taper store summar på at panten deira blir stolen. Det opplyser Aina Borkhus og Sivert Brenne Hagen i Løten Røde Kors Hjelpekorps.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Løten Røde Kors inspiserer pantekonteinaren som står like ved hyttene på Budor i Løten i Innlandet.

– Dette er pant som hyttefolket på Budor gir til oss når dei dreg ned frå fjellet. Det er som ein takk til oss for at vi er i beredskap her.

Det seier Sivert Brenne Hagen, operativ leiar i Løten Røde Kors Hjelpekorps. Det siste året har mykje pant blitt borte frå konteinarane på Budor.

– Vi kan ha vore her og sjekka innhaldet i konteinarane ein kveld, og dagen etter så er dei heilt tømt, seier han.

Brenne Hagen meiner dei kan ha tapt panteinntekter på rundt 60.000 kroner. Derfor har dei teke grep no.

Sivert Brennhagen, operativ leder i Løten Røde kors hjelpekorps viser frem en sporingsbrikke som er plassert i en brusflaske.

SPORAR PANTEN: Ved hjelp av sporingsbrikker har dei fleire gonger spora opp tjuven.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Les også Stjeler panten til Røde Kors: – Ekstremt smålig

Maskert person stjeler pant fra Tokke Røde Kors.

Sporing og nye konteinarar

Over ei lengre tid har dei lagt sporingsbrikker oppi flasker, for å sjå plasseringa til kvar tid. Ved hjelp av sporinga har dei ved fleire høve fått tilbake panten sin, ifølge Hagen.

Dei har òg kjøpt fire nye og meir sikre konteinarar til rundt 11.000 kroner kvar.

Han seier dei har meldt tjuveria til politiet tre gonger tidlegare i år. Og at dei har meldt eit tilfelle til denne veka.

Men dei tok saka i eigne hender for å kunne sikre seg dei tapte inntektene.

– Det er fordi sakene som oftast blir lagde bort, og vi har jo lyst til å ta vare på panten vår, seier Hagen.

pant-røde-kors

NY KONTEINAR: Plastdunkane på Budor i Løten blir no erstatta av fire slike konteinarar av stål. Sivert Brenne Hagen håpar ikkje tjuvane kjem seg like lett inn i desse.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Mari Kristina Bang, politiadvokat i Innlandet politidistrikt, bekreftar at dei har teke imot anmeldelse frå Røde Kors om fråstolen pant.

Politiet vurderer om det er aktuelt å sette i gang etterforsking, og eventuelt kva for etterforskingsskritt som skal gjerast, skriv Bang.

Politiet meiner det er positivt at ein set i gang tiltak for å sikre eigendelane sine, og at sporing gjer det enklare å få tapte eigendelar tilbake.

– Ein må òg vere merksam på at det finst personvernreglar og avgrensingar i tilgjenget til å overvake andre, skriv politiadvokaten.

Samstundes påpeiker ho at ein bør kontakte politiet i staden for å handheve lova sjølv.

Anbefalar mindre inngripande tiltak

Datatilsynet har ikkje merkt ei auke i bruk av denne typen sporingsteknologi.

Kristian Bygnes, juridisk rådgiver i Datatilsynet

ANDRE ALTERNATIV: Ein bør vurdere om det finst andre, mindre inngripande alternativ til bruk av sporingsteknolog på denne måten, meiner Kristian Bygnes, juridisk rådgjevar i Datatilsynet.

Foto: Ilja C. Hendel / © Ilja C. Hendel

Det er derimot nokre ting ein må tenkje på før ein vel å spore tjuvar på denne måten, forklarar Kristian Bygnes, juridisk rådgjevar i Datatilsynet.

– Denne typen behandling kan ha nokre likskapstrekk med dei vurderingane som må gjerast når det gjeld for eksempel kameraovervaking.

Ein bør forsøke mindre inngripande tiltak fyrst, skriv Bygnes. I tillegg må ta ei vurdering av kor inngripande sporinga kan bli til slutt.

– Dersom ein implementerer sporing utan å ha føreteke nokon vurderingar i forkant, kan ein ende med å uforvarande overvake andre personar enn det som var meininga i utgangspunktet.

Det viktige er at personopplysninger behandles lovlig og ansvarlig, påpeiker han.

Fleire bruker sporing på tjuvegods

Bruk av sporingsteknologi for å sjå kvar tjuvegods blir av, er ikkje uvanleg. Det seier kommunikasjonssjef i If, Sigmund Clementz.

– Vi har hatt ei rekke saker opp igjennom åra med mobiltelefonar og nettbrett som har sporingsteknologi i seg. Der har eigaren kunna sjå kvar den stolne telefonen eller nettbrettet er.

Sigmund Clementz, kommunikasjonssjef i If forsikring.

UVANLEG: Sigmund Clementz, kommunikasjonssjef i If forsikring, seier at bruk av sporingsteknologi på meir verdifulle gjenstandar er vanlegare.

Foto: Pressefoto

Å bruke det til å spore opp stole pant var likevel nytt for han.

Clementz seier at det positive ved å bruke sporingsteknologi på denne måten, er at ein kan opplyse politiet om kvar den stolne gjenstanden er.

I likskap med politiadvokaten, rår og Clementz folk til å heller kontakte politiet, enn å oppsøkje staden sjølv.

– Eg vil åtvare sterkt mot å oppsøke dette punktet som gir frå seg signal. Ein bør ikkje tenke at ein ordnar opp sjølv.

Han understrekar at sjølv om dette berre kan vere vinningskriminelle, kan dei i ei pressa situasjon gjere ting ein elles ikkje ville gjort.

Les også Raudekrossen skulle samle inn pant – måtte grave seg gjennom brukte kondom og urin

Røde Kors sin pantecontainar

Er avhengig av inntektene

Olav A. Saltbones, pressevakt i Røde Kors, seier dei høyrer om slike tjuveri kvart år. Men dei har ikkje statistikk på dette og trur ikkje det skjer i veldig stort omfang nasjonalt.

På Løten synes Aina Borkhus i hjelpekorpset at situasjonen er trist. Ho seier den frivillige organisasjonen er avhengig av desse midlane.

– Pantepengane er viktig, fordi vi treng jo påfyll av utstyr etter kvart som vi bruker det. Eg synest det er småleg å gjere seg til tjuv for noko som eigentleg kjem alle til nytte, seier ho.

Aina Borkhus og Sivert Brennhaugen i Løten Røde kors hjelpekorps står ved den nye pantekontaineren på renovasjonsstasjonen.

NYE KONTEINARAR: Aina Borkhus og Sivert Brennhaugen i Løten Røde Kors hjelpekorps står ved den nye pantekonteinaren på renovasjonsstasjonen.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Løten Røde Kors seier dei trur panteinntektene kan bikke 150.000 kroner i år.

– Håpar vi. Så sant tjuveriet ikkje held fram.

Les også Birger (86) har samla flasker for 2,8 millionar

Birger Martinsen har samla flasker for 2,8 millioner.