Hopp til innhold

Raudekrossen skulle samle inn pant – måtte grave seg gjennom brukte kondom og urin

Pantekonteinarar som skal gi Raudekrossen inntekter til frivillig arbeid blir fylte med matrestar og fulle hundeposar. Fleire lokalforeiningar har måtta kutte ut konteinarane.

Røde Kors sin pantecontainar

BRUKER PANTEKONTEINAR SOM SØPPELKASSE: Raudekrossen i Florø finn mykje anna enn flasker i pantekonteinaren sin.

Foto: Privat

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi som skulle handtere flaskene denne gongen stod og brekte oss. Det er ikkje spesielt kjekt å grave og sortere i søpla til andre for hand, seier korpsleiar Benedicte Valberg Svardal.

Det var Firdaposten som først omtalte saka.

Konteinarane er plassert ut for at dei som vil kan gi panten sin til eit godt formål. Denne gongen fann dei meir enn berre flasker.

– Fulle hundeposar, brukte kondom, oljesøl, knuste tallerkenar, matrestar og urin var nokre av «skattane» vi fann denne gongen, skriv dei i eit hjartesukk på Facebook.

Korpsleiaren fortel at dette ikkje er eit uvanleg syn.

– Det har blitt verre og verre. Denne gongen toppa det seg, seier ho.

Florø Røde Kors, korpsleiar Benedicte Valberg Svardal

IKKJE UVANLEG: Korpsleiar Benedicte Valberg Svardal seier det ikkje er uvanleg å finne fulle hundeposar, brukte kondom og matrestar i pantekonteinarane.

Foto: Privat

Viktig inntekt

Valberg Svardal fortel at dei likevel blir sett ut når dei blir møtt av dette synet.

– Vi forstår ikkje kvifor folk trur dette er greitt. Dei tenker nok ikkje over at vi står der og sorterer dette for hand. Plutseleg er det ein utakksam jobb, seier ho.

Ordninga med pantekonteinarar er ei avtale mellom Raudekrossen og selskapet Infinitum.

Sidan 2001 har hjelpekorpsa samla inn over 20 millionar kroner i pant frå boksar og gjenvinningsflasker. For hjelpekorpset i Florø sørgjar konteinarane for 10.000 kroner årleg, og er ei viktig inntektskjelde.

– Resten av pengane får vi frå sponsorar og førstehjelpskurs. Sistnemnde har det blitt lite av i løpet av korona-året, seier korpsleiaren.

Røde Kors i Florø sine pantecontainarar

EKKEL JOBB: Fulle hundeposar er mellom det hjelpekorpset fann i konteinaren.

Foto: Privat

Problem landet over

Korpsleiaren i Florø trur ikkje det berre er dei som slit med søppel i pantekonteinarane.

Det stadfestar Christian Mortensen, seniorrådgjevar for søk og redning i Raudekrossen. Også andre stader er dette eit problem.

Fleire lokalforeiningar fortel at dei ofte må reinse for søppel. Nokre har også kutta ut konteinarar og innsamling fordi det er mykje søppel, opplyser Mortensen til NRK.

Andre stader igjen er det ikkje søppel som er problemet, men at folk kastar frå seg glasflasker utan pant.

Røde Kors i Florø sin panteconatinar
Foto: Privat