– Det er interessant å besøke Maihaugen og sjå korleis folk levde før, fortel Nara Hesman, som saman med eit reisefylgje på rundt 20 personar, har teke turen til Noreg frå Israel.
Israelarane skryt av naturen, utsikta, været og trivelege nordmenn.
– Alt er så fint her, det er som å bu i himmelen, det er inntrykket, fortel Hesman.
Går mot rekordår
Men det er ikkje berre israelarane som har latt seg freista av Noreg. I fjor hadde kommersielle overnattingsstadar 33 millionar gjestedøgn. Nesten 10 millionar av dei var det utanlandske gjestar som stod for. Og delen utanlandske gjestedøgn auka med 10 prosent samanlikna med året før.
No kan det gå mot nok eit rekordår for reiselivsnæringa. Ifylgje Innovasjon Norge sitt turistbarometer trur utanlandske turoperatørar og norske reiselivsrepresentantar på at enda fleire tek turen til Noreg i år.
Fleire frå Asia
Maihaugen på Lillehammer er av dei som allereie nå ser at det går mot eit nytt rekordår. I midten av juli har dei 4000 fleire besøkande enn same periode i fjor.
Trude Arnesen er Avdelingsleiar ved Stiftelsen Lillehammer museum, som blant anna Maihaugen ligg under. Ho er svært positiv til vidare vekst.
– Vi ser vi ein god innbooking på utanlandske turistar som kjem i grupper. I tillegg er det alltid spennande å sjå om nordmenn er på farta, og det ser slik ut, seier ho.
I tillegg kjem det nye grupper til Lillehammer.
– Vi ser at vi har meir med Asia å gjere. Vi ser spennande nye gjester frå India og Kuwait. Det er veldig artig, konstaterer Arnesen.
Turistane vil reise trygt
Forklaringa på veksten er valutakursar, tryggleik og kombinasjonen av natur og kultur.
Noreg har vorte trendy, for nordmenn men òg for utlendingar, fortel dagleg leiar for Visit Lillehammer, Ove Gjesdal.
Medan innlandet tidlegare har hengt etter veksten i reiselivet ellers i landet, er dei no, ifylgje Gjesdal, definitivt ein del av veksten.
Og vinterdestinasjonen Lillehammer har aller flest besøkande midt på sommaren.
– Rundt kvar femte gjest kjem no i juli, fortel Gjesdal.