Hopp til innhold

Produksjonen av ny brunost i gang

Måndag starta ysteriet i Lom og Skjåk opp produksjonen av den nye grytekokte brunosten.

I oktober i fjor vart det kjent at gudbrandsdalsosten G35 ikkje skulle bli produsert ved ysteriet nord i Gudbrandsdalen lengre.

I staden skulle dei utvikle eit nytt produkt: ein ny, grytekokt brunost.

I dag er produksjonen av denne osten i gang, og meieristyrar Frode Aurmo har trua på det nye produktet.

– Vi har gjort vår eigen vri på den og framheva eigenskapane til grytekokt ost, seier Aurmo.

 Frode Aurmo
Foto: Even Lusæter / NRK

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen