Hopp til innhold

- Ei dårleg løysing

Fleire opplandspolitikarar meiner Oppland får for lite ut av det nye Teater Innlandet, som blir plassert på Hamar.

- Dette er kort og godt ei dårleg løysing og i utgangspunktet ein dårleg idé, tordnar stortingsrepresentant Olemic Thommesen.

Stortingsrepresentant Olemic Thommessen (H)

- Ein dårleg idé, seier Olemic Thommesen om dei foreslåtte planane for Teater Innlandet.

Han er Høgres kulturpolitiske talsmann, og reagerer på den foreslåtte oppbyggjinga av Teater Innlandet.

I går vart planane lagt fram, og hovudtyngda av både administrasjon og produksjonsapparat er lagt til Hedmark.

- Det blir lagt opp til ei sentralisert løysing. Det Oppland får ut av det nå er nokre turnéforestillingar. Det er grunn til å setje spørsmålsteikn ved om turnear i seg sjølv vil virke byggjande for teatermiljøet i Oppland, seier Thommesen.

4,6 millionar kroner

Fylkesleiar i Senterpartiet i Oppland, Ivar Odnes, er ein annan som uttrykkjer sin skepsis til at nabofylket stikk av med teaterkronene.

- Å byggje opp ein stor administrasjon på Hamar er eg ikkje sikker på om teatermiljøet i Oppland er tent med, seier han.

Han understrekar at det er mykje pengar inne i biletet, og tviler på om den foreslåtte modellen er vegen å gå.

- Vi vil diskutere økonomien, og er usikker på om å bruke 4,6 millionar kroner årleg på dette er vegen å gå for Oppland. Det er kanskje andre måtar vi kunne nytta desse kronene på, seier Odnes.

- Dei misforstår

Anne Lise Bakken, styreleiar i Hedmark Teater, likar dårleg kommentarane frå Oppland. Ho seier politikarane tek feil, og at det er lagt opp til at ein på prosjektbasis kan produsere teater andre stader enn Hamar.

- Dersom dei les utgreiinga vil dei sjå at det er lagt opp til eit mykje breiare samarbeid enn desse kommentarane tyder på, seier Bakken.

- Hamar, eit naturleg val

Dei oppgjevne opplandspolitikarane får naturleg nok heller inga støtte frå Tor Inge Martinsen, som er leiar for kultur-og næringskomiteen i Hamar.

- Byen vår er eit naturleg val som base for Teater Innlandet, seier han, og fortel at dei allereie har planar for kvar basa for teateret skal liggje.

- Vi har plass til eit slikt teater. Vi har som ambisjon å byggje eit kulturhus her, innlandshovudstaden fortener det, seier Martinsen.

Han fortel at det heile tida har vore meininga at noverande Hedmark teater skal inn i dette planlagte kulturhuset, men at dei også er klare for å integrere det nye innlandsteateret i dette.

- Vi har fått ei utfordring, men eg trur ikkje at dette blir noko problem, seier Tor Ingen Martinsen.