Almlid seier dette på lang sikt gjer det naudsynt å sjå på sjukehusstrukturen. Viss dei ikkje gjer, vil sjukehusa forvitre, meiner Almlid.
- Ser på strukturen
- Det som er veldig vanskeleg er at investeringsbudsjettet er for stramt i høve til dei plassane vi er på i dag. Det er definitivt for lite pengar til vedlikehald og utstyr ved sjukehusa, seier Almlid.
Han seier det på stutt sikt ikkje betyr så mykje for pasientane.
- Men totalt sett risikerer vi at sjukehusa forvitrar og at vi gradvis får dårlegare forhold. Det kan vi ikkje leve med. Vi må i så fall gjere noe med strukturen, seier Almlid, som dimed opnar for fleire samanslåingar og nedleggjingar.
- Vi skal inn og analysere det i eit langsiktig perspektiv. Men det går ikkje an å leggje eit nytt budsjett for 2006 med same antall sjukehus, seier Almlid.
Frykter
- Eg frykter for at ting vil skje med utstyret ved sjukehusa. Viss det skulle skje noko med ei MR-maskin eller CT-maskin på røntgen, har ikkje vi pengar til å investere i nytt. Da må pasientane belage seg på lengre veg for å bli behandla, seier Almlid.
Han seier det ikkje er noko skilnad mellom sjukehusa fordi behovet for investeringer er stort alle stader.