Hopp til innhold

Grete bedt om å legge ut 10.500 kroner i veka for reiser til sjukehuset: – Heilt håplaust

Ny avtale om transport av pasientar blei ikkje landa for Kongsvinger sjukehus. No må pasientar skaffe transport og legge ut for dette sjølv.

Grete Sannes blir køyrd til og frå dialysebehandling av Runer Finnes. Grete sit i rullestol og Runer går bak og dyttar rullestolen framføre seg. Rundt dei er det både bar asfalt og snø langs vegkanten.

Grete Sannes blir køyrd til og frå dialysebehandling av Runer Finnes etter at sjukehuset ikkje fekk landa avtale med taxiselskapet som svarte på anbodet om avtale rundt rekvirerte pasientreiser. Å legge ut for taxi sjølv er for dyrt for Sannes.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Det er ikkje haldbart, seier Grete Sannes (56).

Ho er dialysepasient og må reise til Kongsvinger sjukehus for behandling tre gonger i veka. Fram til no har transporten blitt ordna av sjukehuset med taxi, med såkalla rekvirert pasient­reise.

Avisa Glåmdalen var dei som først skreiv om at frå 1. mars var det ikkje lenger nokon avtale om transport av pasientar i kommunane Eidskog, Kongsvinger, Grue, Sør-Odal og Nord-Odal.

Desse er fem av totalt tolv kommunar i landet som no står utan ein slik avtale.

Ifølgje avisa fekk dei ikkje på plass ei ny avtale i Glåmdalen fordi tilbodet frå det lokale taxiselskapet Taxi 03650 var for dyrt for Pasientreise- og syke­transport­avdelingen ved Oslo Universitets­sykehus.

– Tilbodet låg vesentleg høgare enn angitt maksimalpris i anbodet, og også høgt over prisane i privatmarknaden, står det på Ahus sine nettsider.

Utan avtale etter anbodskonkurransen må pasientar som har helsemessig behov for tilrettelagt transport, ordne transport til og frå sjukehuset sjølv. Dei må legge ut for dette og søke om refusjon frå Pasient­reiser.

Det er bekymringar i forhold til å komme seg på dialyse, og det er naudsynt behandling, seier Sannes.

Sjekk om det manglar taxiavtale for pasientreiser i ditt område her:

Over ein halv million i utlegg

For Sannes er det å køyre sjølv ikkje eit alternativ etter tøff behandling, og ho har heller ikkje økonomi til å legge ut for taxi. Løysinga har blitt at partnaren Runer Finnes har måtte køyre ho.

Køyreturen tar over 45 minuttar kvar veg. Denne tida får Finnes ikkje betalt for, men reise­utgifter får pasientar refundert.

– Eg synest det er heilt håplaust. Det tar mykje av tida hans. Eg er utruleg heldig som har han som er så utruleg snill, seier Sannes.

Grete Sannes med Runer Finnes. Han må køyre ho til behandling etter sjukehuset ikkje landa ny avtale. Grete sit i rullestol og bak dei to er det ein parkert bil, og ein kan sjå Kongsvinger Sykehus.

Runer Finnes er pensjonist og har difor tid til å køyre Grete Sannes til og frå behandling. Han får ikkje betalt for det han gjer.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Det finst minibussar som skal kunne hente pasientar, men desse har kjernetid mellom 09.00 og 17.00. Dermed kan ikkje Sannes ta desse til behandlinga for den startar 08.00.

Etter behandling er ho klar for heim­reise rundt klokka 12.45 og kunne tatt buss heim då, men ho unngår dette fordi ventetida er tung når ho er dårleg etter behandling.

Dersom Sannes legg ut for drosje sjølv, seier ho det vil det komme på rundt 1950 kroner ein veg. 3900,- kroner dagen, tre gonger i veka. Over 600.000 i året i utlegg.

Runer Finnes ser i kameralinsa. I bakgrunnen er Kongsvinger sykehus.

– Eg synest det er ille at folk må hente pasientane når dei først har sett opp skyss, men den ikkje fungerer. Det er ikkje alle som har råd til å legge ut så mykje pengar for å komme bort og heim, seier Runer Finnes.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Avdelingsleiar Egil Johannessen for pasientreiser og syketransport i Oslo universitetssykehus har til avisa Glåmdalen føreslått at det finst transportørar som gir kreditt i spesielle tilfelle.

Ifølge Sannes har Pasientreiser også føreslått at ein kan bruke kreditt­kort til å legge ut fram til ein får refundert kostnadene. Det er ikkje aktuelt for ho.

– Det tar tid frå du har lagt ut til du får tilbake. Circa tre veker var det anslått det ville ta, før endringa, seier Sannes.

Grete Sannes får dialysebehandling. Ho ligg i sjukehussenga og ved sidan av ho er dialysemaskina. Framføre ho på sengebrettet er det eit glas raud saft og mobilen hennar ligg der også.

– Det beste hadde vore viss me gjekk tilbake til den gamle ordninga, seier Sannes om pasientreisetilbodet ho har no.

Foto: Alexander Nordby / NRK

– Uhaldbart

Arvid Magne Dybdahl (80) er også dialyse­pasient og bur i Kirkenær, litt over ein halvtime i køyre­avstand til sjuke­huset.

Dersom han bestiller drosje sjølv kan det bli både venting og usikkert om drosje­sjåførane faktisk har tid til å køyre:

– Det er uhaldbart slik det har vore no. Me må få att den gamle ordninga vår.

Dybdahl seier det ikkje er riktig at pasientar skal måtte låne pengar for å legge ut for transport til og frå behandling.

Arvid Magne Dybdahl får dialysebehandling. I bakgrunnen er Grete Sannes og også ho får behandling.

– Det er å låne pengar det også, seier Arvid Magne Dybdahl om å bruke kredittkort for å legge ut for pasientreiser. Kredittkort er ikkje aktuelt for han.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Gunn Aastebøl (76) er også dialysepasient og bur på Skotterud. Det er litt over 25 minutt med køyring til sjuke­huset. Ho synest situasjonen no er usikker:

– Det er ei belastning, for spesielt når du har vore til dialyse er du sliten og vil gjerne heim så fort som mogleg. Det er ei påkjenning.

Gunn Aastebøl er dialysepasient. Ho ligg i sjukehussenga og får behandling. Ho ser rett i kameraslinsa, og ved sidan av ho er dialysemaskina.

– Det har vore så trygt og godt å bli frakta frå dør til dør, og ikkje tenke noko meir på det, seier Gunn Aastebøl. Ho saknar den gamle pasientreiseordninga.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Blei bedt om å gå ned i pris

Linn-Birgit Kristensen er talsperson for alle drosjeeigarane i Glåmdalsregionen. Ho seier at det er riktig at pristilbodet Taxi 0365 kom med i anbodsrunden var høgare enn maksimalprisane i anbodskonkurransen.

Ho grunngjev dette med at det er tatt utgangspunkt i prisoppgangen i samfunnet og prisane dei har køyrt på i fire år.

Linn-Birgit Kristensen er talsperson for alle drosjeeigarane i Glåmdalsregionen

Linn-Birgit Kristensen er talsperson for alle drosjeeigarane i Glåmdalsregionen. Ho seier at situasjonen no er pressa og usikker for eigarane og sjåførane: – Det er sendt ut permitteringsvarsel, andre sjåførar har sagt opp, nokon har blitt sagt opp og generelt veit me ikkje om bransjen vil overleve i regionen.

Foto: Privat

Etter møte med OUS fekk me beskjed om at prisane dei gav i anbodet for 2020–2024 var feil og altfor høge, utan at OUS har sagt opp avtalen med oss, skriv Kristensen.

Ho skriv at deira siste tilbod var å behalde prisane dei hadde før 1. mars i år.

Å gå ned til prisane dei har sett som maksimalt i anbodet ville ført til ein nedgang på mellom ti og tolv prosent for eigarar og sjåførar, før me har justert for prisvekst og endring i tariff, seier Kristensen.

Ho seier at tariffen dikterer at sjåførane skal ha betre betalt per time når bilen står på verkstad enn ventetaksten Pasientreiser legg opp til:

Det kan me ikkje gå med på.

Ønsker snarleg ordning

Kjell Tønnes er taxi­sjåfør og hadde akkurat hatt ein tur til sjuke­huset då NRK snakka med han. Han synest det er trist at det ikkje er ein avtale mellom taxi­selskapet og sjuke­huset om pasient­transport:

– Eg synest det er veldig tragisk. Eg tenker mykje på pasientane som me har køyrt til og frå sjukehus, seier Tønnes.

– Mange er frustrerte for dei må legge ut pengar sjølv. Dei er urolege for økonomien.

Drosjesjåfør Kjell Tønnes sit i taxien han køyrer for Taxi 03650.

Kjell Tønnes er redd nokre pasientar får problem med å kome seg på sjukehus, og trur endringa kan føre til permitteringar og oppseiingar i taxinæringa.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Avisa Glåmdalen har skrive at pasientar avbestiller legekonsultasjonar grunna trøbbel med transport. Leiar handikap­forbundet i Glåmdalen, Hans Hanssen reagerer kraftig på det som har skjedd, for han synest ikkje reise­ordninga no er helse­forsvarleg.

– Det er brukar­gruppene som er svake og som verkeleg må ha hjelp i pasientreise­samanheng som blir skade­lidande her, seier Hanssen.

Hans Hanssen er leiar handikapforbundet i Glåmdalen. På biletet sit han i rullestol på ein asfaltert veg med noko grus på. I grøfta ved sidan av er det snø. Han har på seg ein ullgenser, dongeribukse og gode vintersko. Han ser i kameralinsa og på fanget har han nokre papir.

Hans Hanssen meiner ei betre ordning enn den som er no, burde kome i hamn raskast mogleg: – Det er ikkje bra at det blir oppfordra til å betale med kredittkort og at pasienten skal bli skadelidande. Det kan ende med at dei må gå ifrå både hus og heim fordi det blir for tøft for dei.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Jobbar med tilbod

Ahus sine nettsider står det at Oslo universitets­sykehus jobbar med å få på plass eit tilbod til dei mest sårbare pasientane.

Dette stadfestar Stephen Sollid som er klinisk direktør for prehospitalklinikken på Universitetssykehuset i Oslo.

Stephen Sollid er klinisk direktør for prehospitalklinikken på Universitetssykehuset i Oslo

Steffen Sollid seier dei blant anna har ein ekstra service med store bilar for sårbare pasientar og at dei har prøvd å få eit tilbod på plass.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Diverre har me ikkje klart det godt nok, og me må innrømme at me ikkje har klart det. Me har ein ganske god dialog no, spesielt med Kongsvinger sjukehus, for å få eit betre tilbod på plass.

Han seier det kan ta månader å få på plass ein avtale dei kan akseptere. Til pasientar som no må legge ut sjølv beklagar han.

Me jobbar som best for å få eit betre tilbod, og eit godt nok tilbod, til dei som er i spesielt sårbare situasjonar, anten det er at du ofte må dra til sjukehuset, eller fordi du har økonomiske utfordringar.

Tilsett ved dialyseavdelinga ved Kongsvinger sykehus.

Dei tilsette ved Kongsvinger sykehus har ikkje ønska å seie noko om saka.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Les også Bente reiste i elleve timer for 20 minutter på legekontoret

Bente Grøtte fra Mehamn, i Gamvik kommune.

Les også Familie sliter med å ha råd til å ta barna på sykehus – mener systemet er urettferdig

Sissel Evensen ser ut av vinduet i Narvik. Hun og barna må reise 23 mil til Tromsø for å gi barna helsehjelpen de trenger.