Ei rundspørring NRK Hedmark og Oppland har gjort, syner eit stort fleirtal mot nybygging. Av dei 48 ordførarane seier åtte ja, mens 34 svarer nei. Åtte ordførarar er usikre.
Ja på Hedmarken
Blant dei åtte som ønskjer nybygg er
ordførarane i kommunane på Hedmarken; Hamar, Løten, Stange og Ringsaker. I tillegg seier ordførarane i Tolga og Tynset ja til nytt storsjukehus. Det same synspunktet er representert i Lesja og Skjåk i Oppland.
Stor motstand i Oppland
34 ordførarar seier nei til storsjukehus, og blant dei er ordførarane i Elverum, Gjøvik og Lillehammer. Seks ordførarar seier dei er usikre. I rundspørjinga blir det tatt atterhald om at den politiske handsaminga av sjukehussaka ikkje har starta enno.
Vil behalde akuttfunksjonen lokalt
- Eg trur det er større moglegheit for å behalde akuttfunksjonen ved lokalsjukehuset på Tynset, viss det blir bygd eit nytt storsjukehus, seier ordførar Dag-Henrik Sandbakken i Tynset. Han heller mest i retning av eit nytt storsjukehus mellom Hamar og Rudshøgda.
Ordførar i Gjøvik, Tore Hagebakken (Foto: NRK)
Nærleik er tryggleik
Han får ikkje støtte frå kollega Tore Hagebakken i Gjøvik.
- Det har noko med å gjere at noverande sjukehus fungerer bra, og difor tykkjer eg ikkje det er naudsynt å bruke fleire milliardar på å byggje nytt, seier Hagebakken. Han trur òg at ein av grunnane til at ordførarane er i mot nytt storsjukehus, har med tryggleik å gjere.
- Nærleik til sjukehuset skapar tryggleik, slår Tore Hagebakken fast.