Hopp til innhold

Ole Ivars populære på Færøyene

Norske danseband har blitt radiofavorittar på Færøyane, og blir stadig spelt på de mest populære underholdningsprogramma på øya. Det er Ole Ivars som blei aller mest spelt.

Av:
Espen Alnes
/
Kristin Vold
/
Anne Næsheim

På Færøyane meiner dei norsk dansebandmusikk er betre enn svensk.

Norsk dansebandmusikk har verkeleg teke av på Færøyane dei siste åra. Og det er spesielt ein person som har æra for det. Elis Poulsen er Færøyane sitt svar på Vidar Lønn-Andersen. Programmet hans "Kva no?" på færøyisk radio er det mest populære. Og publikum elskar norsk dansemusikk.

- Dei lyttar til alt vi spelar. Dansebandprogrammet vårt er det mest populære vi har, og eg trur også at eg har rett når eg seier at norske danseband er meir populære enn dei svenske banda.

Høyrde på NRK

Poulsen meiner at dei tette banda mellom Noreg og Færøyane er ein viktig årsak til sukessen. Før dei fekk eigen radio i 1957, var det programma frå NRK folk på Færøyane høyrde på. Difor er interessa for norsk musikk stor. Det fekk William Kristoffersen og Ole Ivars også merke då dei reiste over i september i fjor.

- Vi var store stjerner då vi kom, det var nesten betre enn i Noreg.

Færøyane er ein liten marknad når det gjeld platesal, men for platedirektør Audun Tylden er interessa likevel hyggeleg.

- Vi bukkar og takkar for at dei meiner at vi er betre enn svensk musikk.

Kulturnytt, NRK P2, 13. august 2004