I helga kjem miljøvernminister Knut Arild Hareide til Engerdal. Laurdag blir utvidinga av Gutulia nasjonalpark markert, og søndag er det opning av nasjonalparksenteret i Elgå. Og snart er 1/3 av kommunen verna.
Ligg mellom to nasjonalparkar
- Vi blir i praksis sperra frå å drive næringsverksemd i det store og heile oppi her, seier Martin Waldal.
Han driv turisme på garden sin i Engerdal, med Femundsmarka Nasjonalpark på den eine sida og ein utvida Gutulia Nasjonalpark på den andre.
- Kvar gong det kjem nye forskrifter, blir det nye innstrammingar. Men det er vel slik demokratiet fungerer; at tre ulvar og ein sau bestemmer kva ein skal ha til middag, rasar Waldal, som i verste fall fryktar han må pakke i hop verksemda si.
Ein tredjedel verna
To nasjonalparkar og eit område på 170 kvadratkilometer, som skal bli naturreservat. Dermed blir ein tredjedel av Engerdal, ein kommune med storleik som Vestfold fylke, verna av storsamfunnet. Snøskuter og anna motorisert ferdsle blir forbode. Dispensasjon kan berre bli gjeve i særskilde tilfelle, for frakt av gods.
Forbod mot hest og sykkel
- Eg tykkjer det er heilt hol i hovudet, seier ordførar Dag Rønning, om at styresmaktene meiner at det å ri eller sykle på eksisterande vegar, kan føre til skade. Dette er i eit område der tusenvis av elg trampar fritt omkring. Motoriser isbor vil òg bli forbode.
Alvorleg for skogbruket
Det verste er at skogbruksnæringa kan bli råka.
- Er området verna kan det ikkje bli drive skogbruk lenger, og det vil få konsekvensar for skogrbruks- og transportnæring, seier Rønning.
Kravet frå kommunen om lokal forvalting har ikkje blitt høyrd. No er det Direktoratet for Naturforvalting som skal forvalte store delar av Engerdal.
- Dette kan ikkje tolkast som noko anna enn klar mistillit, meiner ordføraren. Han kjenner seg trygg på at Engerdal kommune kunne greidd å ta vare på naturen sin sjølv.