Hopp til innhold

Fryktar billig engelsk ost skal knekke norsk landbruk

Landbruket er redd dei blir ofra når Noreg er i sluttspurten med Storbritannia om ein handelsavtale.

Elisabeth Gjems

KAMPKLAR: Bondelagsleiar Elisabeth Gjems fryktar norsk landbruk kan bli ofra i ein handelsavtale med britane. Ho meiner norsk landbruk treng tollbarrierar for ikkje å bli utkonkurrert av utanlandske matvarer.

Foto: Ivar Arne Nordrum / NRK

Vanlegvis er Elisabeth Gjems både imøtekommande og blid. No har ein vennleg framtoning vorte bytt ut med stramme trekk i andletet og frykt for framtida.

Forhandlingane til Regjeringa har gjort henne uviss.

Gjems er økologisk mjølkebonde på Rena i Østerdalen, og leiar for 11 tusen bønder i Innlandet Bondelag.

Når Regjeringa no sluttforhandlar ein ny frihandelsavtale med Storbritannia er ho redd for at dei vil prioritere marknadstilgang for norsk fisk, og at taparen kjem til å bli landbruket.

I så fall må vi pakke saman, og stengje fjøsdøra, seier Gjems.

Ein avtale er snart på plass

I førre veke var den britiske utanriksministeren, Dominic Raab, i Oslo for å snakke med sine norske kollegaer.

Forhandlingane om ein ny handelsavtale var blant det som vart diskutert. Verken handels- og fiskeriministeren eller landbruksministeren var med på møtet, men landbruksminister Olaug Bollestad seier ho har stor forståing for at Bondelaget er opptekne av korleis landbruket blir teke vare på i desse forhandlingane.

Olaug Bollestad

FORSTÅR: Landbruksminister Olaug Bollestad forstår at bøndene er urolege, men har framleis trua på ei god avtale.

Foto: Torbjørn Tandberg

Landbruksministeren håpar dei skal få på plass ein avtale som regulerer handelen mest mogleg likt slik han var medan britane var med i EU.

Etter at Storbritannia gjekk ut av EU, har britane måtta forhandle om nye handelsavtalar med kvart enkelt land. Det har ført til at det i Noreg har vorte ein dragkamp mellom fiskeri og landbruk.

Iselin Nybø

I FORHANDLINGAR: Næringsminister Iselin Nybø (V) seier dei tek omsyn til heile næringslivet i forhandlingane.

Handelsminister Iselin Nybø (V) er ansvarleg for forhandlingane med britane. Ho stadfestar at dei er i sluttfasen, men vil ikkje seie noko om landbruket er i fare.

Ho seier dei tek omsyn til heile næringslivet når dei forhandlar, ikkje berre fisk og landbruk.

Skjør tillit hjå matprodusentar og i Sp

Nybø får kritikk frå stortingsrepresentant Emilie Enger Mehl (Sp) for å vere utydeleg om kva dei prioriterer i forhandlingane.

Emilie Enger Mehl

KRITISK: Emilie Enger Mehl (Sp) vil ha garantiar for at Regjeringa vernar landbruket.

Foto: Ivar Arne Nordrum / NRK

– Høgre og Venstre set gjerne marknadsliberalisme først, derfor er det ikkje så rart vi er usikre på kva dei driv med, seier Mehl.

Stortingspolitikaren meiner dessutan at norske fiskeriarbeidsplassar uansett ikkje er i fare, i motsetning til arbeidsplassane i landbruket. Derfor ønskjer Mehl at næringsministeren må komme på banen og garantere for norske arbeidsplassar.

Ein veldig viktig avtale for fiskerinæringa

Roger Hofseth i Ålesund leier Noregs største eksportør av ferdige fiskeprodukt.

Selskapet Hofseth International har 500 tilsette, og omset for over 4 milliardar kroner i året.

For han er avtalen Regjeringa kjem fram til viktig. Storbritannia er ein viktig marknad, og i motsetning til Mehl har han tillit til at Regjeringa klarer å komme fram til ein god avtale for alle partar.

Roger Hofseth.

VIKTIG AVTALE: Roger Hofseth i Hofseth International er stor eksportør av fiskeprodukt. Han meiner låge tollsatsar er svært viktig for bransjen hans.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Frykt for billigoster

Bondelagsleiar Elisabeth Gjems seier ho ikkje er redd for engelske nisjeprodukt i matmarknaden.

Frykta hennar er knytt til billige ost og kjøttprodukt som ho er redd britane vil pøse inn i den norske marknaden, og som norske bønder ikkje klarer å konkurrere mot på pris.

Elisabeth Gjems og Thomas Meyer French.

VIL PRODUSERE MAT: Elisabeth Gjems og mannen, Thomas er Meyer French er heiltidsbønder, og meiner det er viktig å produsere mat i Noreg.

Foto: Ivar Arne Nordrum / NRK

Det er dyrare å produsere mat i det klimaet vi har i Noreg, seier Gjems. Men det som blir produsert meiner ho til gjengjeld har god kvalitet, og er produsert med lite bruk av antibiotika.

Ein slik produksjon synest ho norske bønder bør få halde fram med.

I løpet våren får ho svaret på om det blir mogleg.

Flere saker fra Innlandet