Hopp til innhold

Stopp i nye hytteprosjekt – Ane står att med åtte klare tomter

Hyttetomtene har stått klare lenge, men ingen vil kjøpe dei. Det kan ta lang tid før trendane i hyttemarknaden snur, trur bransjetopp.

hyttetomter

TREIGT: Åtte hyttetomter står klare for bygging på Venabygdsfjellet i Innlandet, men salet går treigt.

Foto: Frode Meskau / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Salet går litt trått, seier Ane Furusæter.

Sidan påske har ho prøvd å selje åtte byggeklare hyttetomter på Venabygdsfjellet mellom Gudbrandsdalen og Østerdalen.

Tomtene er såkalla høgstandardtomter, der vatn, veg, kloakk og straum er på plass.

– Men det har vore laber interesse, seier grunneigaren.

Vanskeleg å selje tomt

Hyttemarknaden var heilt annleis få Furusæter byrja å gjere tomtene klare for sal for nokre år sidan.

– For eit par tre år sidan hadde det nok gått fortare å få selt noko. Eg skulle veldig gjerne ønskt at desse tomtene var klare då.

– Det er jo litt leit, men ikkje noko ein får gjort noko med, seier Furusæter.

hyttetomter Venabygdsfjellet

Ane Furusæter har investert fleire millionar kroner i å gjere tomtene klare for sal.

Foto: Frode Meskau / NRK

Henning Lauridsen er administrerande direktør i Eiendom Norge, og stadfestar at hyttemarknaden så å seie har stagnert.

Sjølv om salet av brukte hytter går treigt, går salet av desse hyttene likevel mykje betre enn nye hytter og hyttetomter.

– Det krev meir risiko å kjøpe noko ein ikkje veit kva prisen blir eller korleis marknaden ser ut når den er ferdig, enn å kjøpe noko som er brukt og står der allereie.

Henning Lauridsen, Eiendom Norge

Henning Lauridsen, administrerande direktør i Eiendom Norge.

Foto: JOHNNY VAET NORDSKOG

Han trur det kan ta lang tid før pilane byrjar å peike oppover att i hyttemarknaden.

– Eg trur vi må vere førebudd på at det går mykje saktare enn det har gjort på ein stund. Før eller seinare får ein selt det, men ikkje i nærleiken av den takta vi har sett dei seinaste åra, seier Lauridsen.

Les også Hyttesalget går ned: – Det er lys i enden av tunnelen

Øystein Olav Grønolen smiler i hytta

Meiner det er bra

I fjor stupte salet av brukte fritidsbustader. Trenden held fram i år, ifølgje SSB.

Samstundes er det ein nedgang på 60 prosent i talet på søknader om nybyggprosjekt av fritidsbustader samanlikna med same tid i fjor.

At takten i hyttemarknaden har roa seg, er bra, meiner Ole Midthun, fylkesleiar i Naturvernforbundet i Innlandet.

– Hyttemarknaden har berre vekst, vekst og vekst langt forbi det som er naturen si tolegrense, seier Midthun.

Ole Midthun, Naturvernforbundet i Innlandet.

Ole Midthun er positiv til at det er ein brems i hyttemarknaden. Han meiner det er meir enn nok hytter i Noreg i dag.

Foto: Frode Meskau / NRK

Tap av natur, som følgje av mellom anna hyttebygging, er blant dei største truslane mot naturen, ifølgje FN-rapport.

– Sjølv om det ikkje er bra at folk slit med økonomien, er det bra eit ein no trykker inn bremsen når det gjeld hyttebygging, seier Midthun.

Les også Vil miljømerke hytte­områda

Hytter og gjerder i Hafjell

Krev kursendring

Sjølv om hyttesalet har stagnert, er framleis nordmenn i den norske fjellheimen.

Den Norske Turistforeininga (DNT) har nærare 320 000 medlemmar i dag. Det er ei auke på 3 prosent samanlikna med i fjor, og svært sterke medlemstal ifølgje foreininga sjølv.

Dei trur det er fleire årsaker til medlemsauken, mellom anna at dyrtid gjer til at ein søker rimelegare alternativ for reiser og feriar.

– Med mange ledige hytter og trongare økonomi, kan hyttedeling, utleige og andre formar for delingsøkonomi bli meir aktuelt for folk, seier Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i DNT.

Dag Terje Klarp Solvang, DNT

Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i DNT, meiner delingsøkonomi blir viktig i hytte-Noreg i framtida, både fordi det er økonomisk, miljøvenleg og gir gode opplevingar, meiner han.

Foto: MARIUS DALSEG SÆTRE

Han meiner alle dei ledige hyttene på marknaden, og hyttene som står tomme store delar av året bør får varsellampene til å lyse hos styresmaktene.

– Vi treng ein langt meir berekraftig hyttepolitikk og ei kursending i måten vi bruker areala våre på. Vi må dele meir på det vi allereie har bygd, framfor å bygge nytt og i urørt natur, seier Solvang.

Les også Utlendingane redda sommaren i fjellet: – Dei er alfa og omega for oss

Harald Rune Øvstedal, skipper Gjendebåten

– Ting som ein ikkje må ha

Tor Arnesen er forskar ved Østlandsforskning, og omtalar fritidsbustader som eit luksusfenomen.

– I den forstand er det ei unødvendig nedbygging av naturen, seier Arnesen.

Tomteseljaren på Venabygdsfjellet forstår at det ikkje er i dyrtid folk kjøper seg hytter.

– Folk sparar på typisk sånne her ting, ting som ein ikkje må ha.

hyttetomter

Ane Furusæter skulle gjerne selt nokre tomter, men har det ikkje travelt. Ho trur trendane snart snur.

Foto: Frode Meskau / NRK

Likevel håpar ho at marknaden snur. Bonden frå Ringebu har investert millionar av kroner i prosjektet.

– Eg har trua på at det kjem til å snu. Eg får vere tolmodig og vente ei stund til, seier Furusæter.

For ordens skuld: Ane Furusæter er i slekt med ein tilsett i NRK Innlandet. Vedkommande har ikkje vore involvert i arbeidet med denne saka.

Les også Flertall bekymret for hytteutbygging

Mosetertoppen dronebilder