Hopp til innhold

Mistenkeleg dødsfall i Åsnes: Fann livlaus person utandørs

Ein nabo varsla politiet om funnet av den livlause personen.

Politiet gjer undersøkelsar i eit bustadfelt i Åsnes etter at ein mann vart funnen død.

UNDERSØKER: Krimteknikarar gjer fleire undersøkingar i eit bustadområde i Åsnes kommune etter at det vart funnen ein livlaus person utandørs.

Foto: Frode Meskau / NRK

Det skriv politiet i Innlandet i ei pressemelding.

Politiet trur dei veit kven den avdøde er, og jobbar med å varsle dei pårørande.

Personen vart funnen i eit bustadområde i Åsnes kommune i Innlandet måndag ettermiddag.

Ein nabo varsla politiet om funnet rundt klokka 13.45.

Krimteknikarar Åsnes

Krimteknikarar kom til bustadområdet i Åsnes kommune måndag ettermiddag.

Foto: Frode Meskau / NRK

Mistenkeleg dødsfall

Politiet er tidleg i etterforskinga og veit ikkje om det har skjedd noko kriminelt.

– Om det er snakk om eit naturleg dødsfall eller ei kriminell handling er det for tidleg å seie noko om, seier Dalsveen.

Til VG seier ho at det er eit mistenkeleg dødsfall i og med at personen vart funnen utandørs.

Politi Åsnes

Politiet har sperra av eit område i eit bustadfelt i Åsnes kommune i Innlandet etter at det vart funnen ein livlaus person utandørs.

Foto: Frode Meskau / NRK

Gjer undersøkingar

Utover kvelden skal krimteknikarar undersøke funnstaden og den avdøde.

Det vil vere vakthald på staden fram til undersøkingane er gjort.

Politiets innsatsleiar på staden, Merete Hjertø, seier politiet gjer teknisk og taktisk etterforsking på staden måndag.

– Vi har drone i lufta, hund på staden, vi har starta rundspørjing og vi har krimteknikarar som jobbar på staden.

Merete Hjertø

Merete Hjertø er politiets innsatsleiar på staden.

Foto: Mats Sparby / NRK

Eit område, mellom anna eit bustadhus, er sperra av.

Den avdøde skal bli obdusert.

– Vi har tatt utgangspunkt i at det er eit mistenkeleg dødsfall. Då gjennomfører vi dei undersøkingane vi treng, seier Hjertø.

Dødsfall åsnes

Politiet gjer fleire undersøkingar på området i Åsnes kommune. Mellom anna nyttar dei ei drone.

Foto: Frode Meskau / NRK

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen