Hopp til innhold

Kyllingprodusentar får slakt

Mattilsynet har avdekka klare regelbrot i to av tre undersøkte kyllinganlegg. – Dette er alvorleg og skadar tilliten til hele næringa, innrømmer Norsk Fjørfelag.

Mattilsynet har gjennomført eit stort tilsynsprosjekt av kyllingproduksjonen her i landet. Dei har undersøkt 152 besetningar, noko som utgjer ein fjerdedel av produksjonen her i landet.

Etseskader på kylling

Etseskadar på kyllingar vart oppdaga hjå ein produsent i Hedmark i 2009.

Foto: NRK
Video Dårlig dyrevelferd for slaktekylling

Dårlig dyrevelferd for slaktekylling

Dei har funne klare regelbrot i 102 av desse anlegga, og meiner bransja ikkje gjer nok for å ta vare på dyra.

– Det blir brote krav på til dømes kvaliteten på strø, for korte mørkeperiodar der dyra kan kvile, for høg dyretettleik, for dårleg klima, mangel på fôr og vatn og rutinar for handtering av skadde dyr, seier assisterande tilsynsdirektør i Mattilsynet, Ole Fjetland.

–Uakseptabelt

Leiar i Norsk Fjørfelag, David Koht-Norbye meiner funna er uakseptable.

David Koht-Norbye, leder i Norsk Fjørfelag

David Koht-Norbye, leiar i Norsk Fjørfelag, er ikkje tilfreds med resultata i Mattilsynet si undersøking.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

– For dårleg dyrevelferd hjå nokre fjørfeprodusentar er alvorleg for dei dyra det har gått ut over. Det skadar tilliten til heile næringa.

Han tykkjer det er positivt at Mattilsynet har gjennomført ei så grundig undersøking. Koht-Norbye set nå sin lit til at eit nytt regelverk vil hjelpe med å få bukt på problema. Det vil gje økonomisk tap for dei produsentane som har dårleg dyrevelferd.

Han understrekar at dei har jobba mykje med kvalitet, etikk og dyrevelferd etter fleire alvorlege dyrevernsaker dei siste åra.

– Meir enn to tredjedelar av produsentane har til nå gått gjennom eit eige kurs i produksjon av slaktekylling der dyrevelferd er eitt av områda.

– Skremmande

Marianne Kulø i Dyrevernalliansen tykkjer resultata frå undersøkinga til Mattilsynet er skremmande.

– Den endelege rapporten stadfestar inntrykket av at dyrevelferda er dårleg hjå produsentane, transport og slakteri.

Ho håpar at næringa tek funna på alvor og vil ta dyrevelferd på alvor.

– Vi håpar at næringa ikkje stikk hovudet i sanden og prøvar å peike på dette som verstingar. Dei må ta velferda til den enkelte kyllingen på alvor, og jobbe for at dei skal trivast. Men da må det vere vilje til å gjere det, og det treng ikkje koste så mykje, seier Marianne Kulø i Dyrevernalliansen.

Vil følgje opp slakteria

Nortura er også skuffa over resultata i tilsynskampanjen. Kommunikasjonsdirektør Nina Sundqvist lovar at dei skal følgje opp dei slakteria som får påpeikt feil.

– Vi arbeider heile tida med å bli betre på dyrevelferd. Mattilsynet viser manglar ved opplæringa både hjå transportørar og slakterimedarbeidarar. Det har vi allereie grepe tak i slik at dyra blir behandla godt heile vegen frå vi hentar dei hjå bonden og fram til dei blir slakta.

Mattilsynet peiker på at kyllingproduksjon er ei næring som har vakse raskt i fleire år, og at bransjen har veksesmerter.

– Vår bekymring viste seg dessverre å vere grunngjeve. Det er dyreeigaren som har ansvar for at dyra har det godt. Vi forventar at næringa ryddar opp, seier Fjetland ifølgje NTB.