Hopp til innhold

Kritikk av barnevernsvakta

Barnevernsvakta på Gjøvik mangla gyldige samarbeidsavtaler og hadde svært dårleg økonomistyring, slår Innlandet Revisjon fast i ein rapport.
Det skriv Oppland Arbeiderblad.

Barnevernsvakta er eit samarbeid mellom kommunane i Gjøvik-Land, og Gjøvik kommune hadde driftsansvaret.
Frå 2018 spurte dei andre kommunane etter eit budsjett og avtaler, men ingen ting skjedde, slår Innlandet revisjon fast.

Mellom anna Gran og Lunner bad fleire gonger om ein betre dialog med Gjøvik, men det vart inga betring, ifølge rapporten.
Barnevernsleiar som var ansvarleg for økonomistyringa, slutta i jobben i vår.

Flere saker fra Innlandet