Hopp til innhold

Ingvild tok gull!

Juniorløpar Ingvild Flugstad Østberg tok innersvingen på konkurrentane i dagens 15 kilometer fellestart i NM på Gjøvik.

Ingvild Flugstad Østberg

Ingvild Flugstad Østberg knuste konkurrentane i spurten på 15-kilometeren i NM på heimebane.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

- Eg skjønar ingenting eg.

Ingvild Flugstad Østberg var glad men overraska da ho kryssa mållinja som vinnar under dagens fellesstart i NM på heimebane.

Til ein voldsom jubel kom ho inn på stadion saman med dei etablerte landslagsløparane Kristin Størmer Steira og Therese Johaug.

Men ingen av dei hadde noko å stille opp med mot stjerneskotet frå Gjøvik, og ho slo to år eldre Johaug med tre tidelar.

- Eg tenkte eigentleg ikkje så mykje da eg glei over mål, eg var berre utruleg glad og sliten, sa ho like etter målgang.

Stort å helse på kongen

Ingvild og kong Harald

Ingvild Flugstad Østberg fekk gratulasjonar frå kong Harald etter løpet. - Han sa at han var imponert, fortel Ingvild.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Etter målgang vart ungjenta nesten overfalt av glade gratulantar og nysgjerrig presse. Men fyrst av alt var det kong Harald som fekk gleda av ein prat med den nybakte NM-vinnaren.

- Kongen gratulerte meg og sa at han var imponert.

- Hadde du i tankane at du skulle få prate med han da du stod opp i dag?

- Nei, eg har aldri i verda tenkt at eg skulle få oppleve dette. Å helse på kongen er det ikkje så mange som opplever, så det var utruleg stort.

- Fantastisk publikum

Ingvild Flugstad Østberg innrømmer at det var ekstra spesielt å ta sitt fyrste NM-gull på heimebane i Gjøvik.

- Det var eit fantastisk publikum, og det betydde mykje. Det var utruleg mange som heia på meg rundt løypa, og eg høyrte at dei ropte "Ingvild, Ingvild, Ingvild" overalt.

Truleg blir det enda meir folkeliv rundt Gjøvik-jenta når den offisielle seiersseremonien finn stad i Gjøvik Fjellhall klokka 17.

Nå gler Ingvild til junior-VM i starten av februar, og held fast på at det fortsatt er hovudmålet.

- Senior-VM har eg ikkje tenkt på eit sekund, og det er uansett ikkje noko eg styrer med.

- Sluttar aldri å overraske

Landslagssjef Åge Skinstad er ein av dei som har følgd stortalentet Flugstad Østberg gjennom fleire år. Han var imponert, men ikkje overraska, da 18-åringen gjekk fyrst over mål.

- Denne jenta sluttar aldri å overraske meg. Eg visste at det var ei moglegheit for seier dersom ho fekk det rette løpsopplegget, og da ho var med inn på oppløpet visste eg at ho var sterk.

Han seier at han har følgd ho på trening i fleire år i Gjøvik-regionen, og har heile tida sett at ho hadde eit spesielt talent.

- Ho viser ingen respekt, og set gutane på plass i alle treningsøkter. Så dette viser at når ein har guts og vilje så kjem ein langt. Eg trur dette vil vere til stor inspirasjon for andre idrettstalent i denne regionen.

- De har tidlegare sagt at ho ikkje skal til senior-VM i Liberec, er det fortsatt uaktuelt?

- Nei, det er ikkje uaktuelt nå lenger, seier landslagssjef Åge Skinstad.