Hopp til innhold

Forsvaret serverer utanlandske poteter til soldatane

Det reagerer bøndene sterkt på. Spesielt fordi det like i nærleiken av fleire militærleirar ligg store potetåkrar.

Tatjana Amigo er befal i Rena Leir

POTET-AKSJON: Tatjana Amigo er befal i Rena Leir. Ho set pris på å få servert norske poteter til lunsj ein dag. Ho høyrer til ein generasjon som et mykje mindre poteter enn før, forbruket i Noreg er halvert dei siste 20 åra.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Rena leir i Åmot kommune er ein av Nordens største militærleirar. Her er det 2000 soldatar. Og i Åmot dyrkar mange jordbrukarar poteter.

Men sjølv om det ligg fleire store potetåkrar i same kommune som militærleiren, får soldatane servert utanlandske poteter i messa.

Det får bønder til å reagere.

Leiar i Innlandet bondelag, Elisabeth Gjems, driv sjølv gard på Rena. Ho synest det er ille at soldatane i Rena leir skal ete utanlandske poteter.

Ho er opptatt av sjølvforsyning og meiner Forsvaret bør gå framfor og bruke norske produkt så sant det er mogleg.

– Forsvaret bør vere med og trygge matberedskapen vår, seier ho.

Elisabeth Gjems i Innlandet Bondelag serverer poteter til befal og soldater

SERVERER POTETER: Anne Rustad og Elisabeth Gjems frå Innlandet Bondelag vart populære når dei serverte bakte poteter til soldatar og befal utafor Rena Leir.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Sjølvforsyninga

Bondelaget har som målsetting å auke sjølvforsyningsgraden på landbruksprodukt til 50 prosent.

Det er det same målet som regjeringa sette seg i Hurdalsplattformen. Men i dag er den på 40.

– Vi vil vise at løpande norsk matproduksjon er viktig. Og at vi faktisk har god matberedskap, om vi bruker den, seier Elisabeth Gjems.

Elisabeth Gjems, leder i Innlandet Bondelag

AKSJONERTE: Elisabeth Gjems i Innlandet Bondelag aksjonerte med å servere norske poteter til soldatar og befal i Rena leir.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Ho ville vise at norske poteter er minst like gode som dei utanlandske.

Difor aksjonerte dei utafor porten til leiren i Åmot, for å vise at norske poteter, frå Hedmark, er meir enn gode nok. Ein hyggeleg aksjon, vil nokon si: Dei serverte soldatar og befal bakte poteter.

– Heime hos mor ber eg alltid om mat med brun saus og poteter, smiler befal Tatjana Amigo.

Ho set pris på aksjonen til bøndene, ein god lunsj takkar ho ikkje nei til. Og som mange andre ungdommar et ho mykje mindre poteter enn eldre folk.

– Men når ein først skal ete poteter må dei jo vere norske, seier Amigo.

Offentlege innkjøp

Det er Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) som driv soldatmessene i Forsvaret.

– Val av produkt som Forsvaret har behov for, gjer vi i tråd med regelverket for offentlege anskaffingar. Dette gjeld også for matvarer. Det skriv seniorrådgjevar Hans Meisingset i kommunikasjonsstaben i FLO til NRK.

– Det blir utlyst anbodskonkurransar i marknaden og det blir inngått rammeavtaler med leverandørar, som leverer både norske og importerte varer.

Meisingset føyer til at kvart enkelt kjøken i tillegg kan gjere avtaler med lokale produsentar om enkeltleveransar.

Poteter

NORSKE POTETER: Nordmenn et meir norske poteter enn på mange år, så langt i 2023 er meir enn 90 prosent av det som blir seld i butikken norsk. Og framleis er det litt att på lager.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Norskandelen aukar

Organisasjonssjef Gunn Jorunn Sørum i Gartnerhallen har oversikt over den norske potetmarknaden. Ho meiner også at Forsvaret burde servere soldatane norske poteter.

– Forsvaret og andre offentlege aktørar står for store innkjøp. Og dei heng langt etter den private marknaden. Berre 20 prosent av innkjøpa av frukt og grønt dei gjer er norsk.

For elles vinn norske poteter terreng i marknaden. Så langt i år utgjer dei norske potetene 92 prosent av det som blir seld i butikken.

Og det har vore ein stor auke i den norske andelen dei siste 10 åra. Så seint som i 2016 var berre 60 prosent av omsette poteter i Noreg norske, resten altså importerte.

Gunn Jorunn Sørum meiner også Forsvaret kan kjøpe norske poteter, utan at dei bryt reglane for offentlege innkjøp.

– Dersom dei legg vekt på til dømes berekraftig produksjon, liten bruk av plantevernmiddel og kortreist mat, har ein handlingsrom for å lande på norsk. Vi kan levere meir norsk grønt, om etterspurnaden aukar.

Gunn Jorunn Sørum, Organisasjonssjef i Gartnerhallen

BRUK NORSK: Organisasjonssjef Gunn Jorunn Sørum i Gartnerhallen meiner Forsvaret og resten av det offentlege Noreg heng etter. Berre 20 prosent av frukt og grønt som dei handlar inn i stort er norsk.

Foto: Julie Lunde Lillesæter/Differ Media / Julie Lunde Lillesæter/Differ Media

Les også Mener import av potet ødelegger for norske bønder og andre land som trenger mat

Auka status

Også Bama, som leverer poteter til Norgesgruppen (t.d Kiwi), Rema 1000 og Coop, stadfestar at norske potetar har auka statusen hos forbrukaren.

– Vi jobbar for at produsentane skal satse på potetslag som forbrukaren vil ha, til dømes små gule potetar. Og vi jobbar stadig med å få betre lagringstilhøve for norske potetar, slik at dei blir freistande lenge, seier kommunikasjonssjef Pia Guldbrandsen i Bama.

Ho fortel at det er mange år sidan dei har hatt så lite lager av norske potetar på denne tida av året som nå, og at det nok blir ete opp i løpet av våren og tidleg sommar.

Bente Åland Ap, stortingsrepresentant Hedmakr

NORSK MAT: Bente Åland (Ap) kom til Rena for å støtte aksjonen for norske poteter til norske soldatar.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Politisk støtte

To stortingspolitikarar hadde også komme til Rena for å vise at dei støtter bodskapen frå lokale bønder.

Både Bente Åsland (Ap) og Bengt Fasteraune (Sp) meiner at Forsvaret bør strekke seg for å kjøpe inn norske matvarer.

Også fordi dei bør vere opptatt av sjølvforsyning.

Fasteraune sit i Forsvarskomiteen og han seier at han vil stille eit spørsmål om saka i Stortinget.

Bengt Fasteraune

VIL TA OPP SAKA: Bengt Fasteraune (Sp) meiner Forsvaret bør strekke seg for å servere soldatane norske poteter.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Les også Ny forsking viser at poteta har fått eit ufortent dårleg rykte

En kvinne forsyner seg med julemat. Det er ribbe. Det blir servert akevitt og rødvin.