Desember er høgsesong for peiskos, kakebaking, og bustadbrannar. På denne tida er det dobbelt så manga brannar som ellers i året.
Sjekk røykvarslaren!
Gjennom "Aksjon boligbrann" får 25.000 tilfeldig utvalde husstandar besøk av kontrollørar. Aksjonen blir innleia med røykvarslardagen 1. desember, og held fram med heimebesøk frå 7. til 9. desember.

(Illustrasjonsfoto: NRK)
På røykvarslardagen blir alle oppfordra til å skifte batteri i, og teste, røykvarslaren sin.
I fjor brann det 1.667 bustadar i Norge. 56 personar døydde. Men talet på desemberbrannar går ned.
Heimebesøk
Berre fire prosent av oss har tenkt gjennom kva vi skal gjera dersom det byrjar å brenne. Overbrannmeisteren i Lillehammer og Øyer, Knut Birger Bakken er ikkje imponert.
- Det er altfor dårleg, seier Bakken. Han meiner særleg barnefamiliar bør gå gjennom kva dei skal gjera dersom huset tek fyr.
- Vi vil kontrollere brannsikkerheita, og sjå om det er varslings- og sløkkeutstyr i huset når vi kjem på brannkontroll, seier overbrannmeister Bakken.
Dei vil også sjå på ovnar og piper, og prate om brannsikkerheit med dei som bur i huset.