Hopp til innhold

Fleire tusen utan straum: – Heilt ekstreme forhold

Mange kommunar har no sett krisestab for å handtere situasjonen.

Trefall i telemar

TREFALL: Mange trefall over straumliner er ein av grunnane til at mange no er utan straum.

Foto: Ylva L. Lauluten

Straumen er framleis borte fleire stader etter det store uvêret i går. I Etnedal kommune er straumen fullstendig borte, informerer Tom Ivar Knutsen til Etna Nett.

– Dette er ekstreme forhold, vi har aldri vore utsett for noko liknande.

Han fortel at straumbrotet påverkar om lag 5500, og omfattar alle kommunane i området deira, inkludert Etnedal, Søndre Land, Nordre Land og Snertingdal.

I Etnedal er situasjonen vanskeleg fordi dei tek ut straum frå Elvia.

– Dei har problem på regionalnettet, så no ventar vi på at dei skal bli ferdige så vi kan kople folk på att, seier Knutsen.

Etnedal kommune

STRAUMLAUS: Heile Etnedal kommune i Innlandet er utan straum

Foto: Alexander Nordby / NRK

Familie utan straum – utekos med bålpanna

I Gausdal har familien Rudsengen Brandsar vore utan straum i over 24 timar.

– Det er småkaldt. Så da blir det utekos på bålpanna nå og middag her, seier far Knut Erland.

Sjølv om dei prøver å vere positive er dei tydelege på at dei gjerne vil ha straumen tilbake.

– Det er jo kjedeleg. Eg er spent på frysaren når eg opnar den att, seier familiefaren.

Dei veit ikkje når straumen kjem tilbake att.

– Det har vore lite informasjon. Men vi prøver å gjere det beste ut av det, seier mor Ann-Cathrin.

Follebu-familie uten strøm

Trym, Aksel, Sanna, Knut Erland og Ann-Cathrin Rudsengen Brandsar har vore kreative med straum borte i 24 timar.

Foto: Ivar Arne Nordrum / NRK

Straumleverandør: Mannskapa kjem ikkje fram

Straumselskapet Elvia har rundt 600 som er utan straum i Innlandet, med flest i Gausdal.

– Den største utfordringa nå er at mannskapa våre ikkje kjem fram. Det ligg mange trær i vegen, seier kommunikasjonssjef i Elvia, Morten Schau.

Han legg til:

– Nå har vi ute fire helikopter som hjelper til oss. Eit av desse er utstyrt med såkalla heligrip, ein svær klo som hengjer under som kan ta tak i trea og løfte dei unna linja.

Han seier årsaka til at dei gjer det er følgjande:

– Det er livsfarleg å byrje med motorsag oppi slike svære klynger med trær som ligg over linjene fleire stader.

Straum i Gausdal

REPARATØR: Mange er i sving for å gi straumen tilbake til folk. Her er ein reparatør i Gausdal.

Foto: Ivar Arne Nordrum / NRK

Kan bli straumlause i lengre tid

Elles er Valdresregionen hardt ramma. Griug hadde 5565 kundar utan straum ved siste teljing i dag tidleg i Nord-Aurdal, Vestre Slidre og Øystre Slidre.

Sør Aurdal Energi har også om lag 300 utan straum, hovudsakleg i Hedalen og Leirskogen.

– Vi koplar på dei største kundegruppene fortløpande gjennom dagen, men det kan vere enkeltkundar som kan oppleve å vere straumlause i lengre tid, seier Nils-Martin Sætrang frå Sør Aurdal Energi.

Mange trefall

Lenger sør i landet er det også problem.

I Vest -Telemark skal dei køyre over området med helikopter for å få ein betre oversikt over skadane langs straumlinene i distriktet.

Der var 1000 kundar utan straum laurdag formiddag.

Det opplyser Ketil Kvaale i Vest-Telemark Kraftlag til NRK.

Ketil Kvaale

VIL FÅ ATTENDE: Mange vil få straumen attende i løpet av dagen, ifølgje Vest-Telemark Kraftlag.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Ein veldig stor del av dei som manglar straum i området vil få det att i løpet av dagen. Vi satsar på å få høgspentnettet i drift først, seier han.

Det er også mange feil på lavspentnettet frå trafoane ut til dei enkelte kundane.

– Dei får ei melding frå oss om at dette skyldas mange tilfelle av trefall i hagar og liknande, seier Kvaale.

I Tinn kommune har 1400 vore utan straum i same tidsrom.

Hovudårsaka er at mange tre har lagt seg over linjene. Halvor Romme, dagleg leder i Stannum seier at de jobbar på spreng.

Vi må berre ta dette bit for bit.

– Det er området rundt Tinnsjøen som er hardast ramma, opplyser han.

Også i Hjartdal Hjartdal kommune har nesten 500 vore utan straum. Det er det bygdene Gvammen, Tuddal og Bondal som har vore utan straum.