Ole Martin Mortvedt var på dugnad rett ved Jessnesstranda på Furnes i Innlandet og hadde følgt med på eit stort isflak som dreiv utpå vatnet.
– Plutseleg høyrde eg masse knasing i isen. Så snudde eg meg og såg isflaket hadde støtt mot land. Det hadde så stor fart at det fekk ikkje stoppa.
Mortvedt seier han aldri har sett noko slik i sitt 58 år lange liv. Og han kan ha vore heldig som har fått fanga dette på video i Noreg.
VIND: Isen blir pressa innover land av vinden.
- Les også:
- Les også:
Ikkje så vanleg syn
Håkon Mjelstad, som er statsmeteorolog seier dette skjer på våren. Han fortel at det populært blir kalla «is-tsunami».
Og det er ikkje så ofte dette skjer i Noreg.
– Som regel går isen pent og pynteleg i oppløysing på sjøen, så det er ikkje så ofte ein får is som driv innover land. Det er ganske stilig, seier han.
UVANLEG: Meteorolog, Håkon Mjelstad seier det som vart fanga på video ved Mjøsa ikkje er så vanleg å sjå i Noreg.
Foto: Kamilla Pedersen (MET)Han fortel at for at dette skal skje må det ganske mykje vind til. Noko må flytte på isen, elles går den berre i oppløysing ute på vatnet.
Andre plassar i verda er dette fenomenet meir vanleg.
– I delar av verda som dei store innsjøane mellom Canada og USA kan dette skje nokon stader kvart år, fortel Mjelstad.
Sjekk videoen frå ein is-tsunami på Lake Erie. Innsjøen grensar til Ohio, Pennsylvania, New York, Michigan og Ontario i Canada:
Ole Martin Mortvedt seier det var veldig spesielt å få oppleve dette.
SPENNANDE: Ole Martin Mortvedt sprang til stranda då han høyrde knasinga.
Foto: PrivatHan fortel at det heile heldt på i fem-seks minutt. Plutseleg stoppa det og vart heilt stille.
– Eg er glad i naturopplevingar. Det var ei spennande naturoppleving å stå på stranda og sjå isen vokse oppover der, seier han.
Våren er på veg
Våren er ikkje heilt komen for å bli enno. Det er meldt snø fleire plassar frå i kveld og fram til tysdag. I heile Østafjells kan det kome såpass med snø at det legg seg.
Men meteorologen seier det ikkje er så lenge til du kan bytte om til sommardekk.
– Tysdag morgon vil det meste vere gjort. Deretter har vi ikkje så mykje nedbør å melde. Vi snakkar mykje sol i komande veke, seier Håkon Mjelstad.