Hopp til innhold

100 dyretragedier på fire år

Nå skal eit nytt prosjekt i Valdres hindre nye tragedier.

Dyretragedie i Skjåk

Det har vore over 100 dyretragedier her i landet dei siste fire åra. Nå skal eit nytt prosjekt hindre nye alvorlege dyrevernsaker.

Foto: Knut Romsås Breden/Mattilsynet

Dei fire siste åra har det vore over 100 dyretragedier på forskjellige gardar her i landet. Men landbruksdalføret Valdres har utmerka seg med svært få slike tragedier.

– Ein av grunnane er at det er ein kultur for å hjelpe kvarandre. Samtidig er det god dyrlegedekning og dyrlegane er flinke til å følgje opp. Det er nok mange bønder som har fått ekstra besøk av dyrlege som har støtta i vanskelege tider.

Les: - Dyretragedier kan skyldes ensomhet

– Må jobbe annleis i psykiatrien

Det seier prosjektleiar Berit Øygard i gruppa Valdres Viser Vei. Dei skal jobbe med å forebygge tragedier, både for folk og dyr.

Les meir om Valdres Viser Vei

Les også: - Hold media unna dyretragedier!

Ho meiner at det må tenkjast nytt for å hindre store dyretragedier i åra som kjem. Familien må involverast meir, seier ho.

– Det hjelp ikkje berre å behandle ein person. Vi må snakke med dei andre som er engasjert, involvert og opptatt av denne personen. Det kan vere ektefelle, vener, mor eller far. Vi må få fleire til å hjelpe folk som slit, seier Berit Øygard.