Hopp til innhold

Etterlyser vitne i drapssak

Politiet trur vitne har viktige opplysningar om drapet på ein Kongsvinger-mann.

Etterlyst vitne Kongsvinger
Foto: Politiet

Ein 18 år gammal mann vart funnen drept utanfor ei bustadblokk i Kongsvinger natt til 26. juli. Han døde etter knivstikk i overkroppen og hovudet.

Politiet etterlyser nå ein person som vart sett i Sykehusskogen i retning Langeland, rundt klokka halv ett same natta.

Denne personen har også tidlegare vorte etterlyst, men har ikkje teke kontakt med politiet.

Nå har dei, ved hjelp av andre vitne, laga ei teikning av denne personen. Nå ber dei folk som veit noko om kven dette kan vere ta kontakt. Dei presiserer samtidig at dei etterlyser denne personen som eit vitne i saka.

Ein mann i 30-åra er sikta for å ha teke livet av 18-åringen i Kongsvinger.

Les også: Hørte rop om hjelp

Les også: Sett med ukjent mann

Blomster ved blokka

Ved denne blokka vart den 18 år gamle mannen funnen.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK