Hopp til innhold

Etterlyser tre personar

Kan ha kjennskap til drapet på Vegard Bjerck.

Fantomtegninger Skøyendrapet

Politiet etterlyser desse tre personane i samband med drapet på Vegard Bjerck.

Foto: Politiet

43-åringen, som opprinneleg kjem frå Dombås, vart funnen drept i eit garasjeanlegg på Skøyen i Oslo i desember.

Han hadde fått fleire knivstikk av ein eller fleire ukjente gjerningsmenn.

Til tross for eit omfattande politiarbeid er det fortsatt ikkje klart kven som står bak drapet.

Fleire vitne har meldt frå om tre personar som har vore observert i området før drapet fann stad, og nå går politiet ut med fantombilete av desse.

- Personane er observert i området, og er dei einaste vi ikkje kan gjere greie for. Dei er fyrst og fremst etterlyst som vitne i saka, seier leiar for valdsavsnittet i Oslopolitiet, Hanne Kristin Rohde, til VG Nett .

Fleire teoriar

Politiet har hatt store problem med å finne eit klart motiv for Skøyen-drapet, og har fleire teoriar om kva som kan ha skjedd.

Ein av teoriane er at Bjerck kan ha vorte drept da han overraska biltjuvar i garasjen.

Politiet jobbar nå med å kartleggje bilane som var i garasjen på tidspunktet Bjerck vart drept.

- Dette er ein svært krevande drapssak, og vi jobbar hardt med å kartleggje området, personar og køyrety, seier Rohde til VG Nett.

Samtidig har fleire drap og drapsforsøk i Oslo den siste tida sett politiet i ein pressa situasjon.

- Derfor går etterforskinga langsommare enn vi ynskjer, seier Hanne Kristin Rohde.