Hopp til innhold

Erik Ulfsby blir ny kunst­narisk leiar for Peer Gynt på Gålå

Han tar over stillinga etter Ellen Horn i 2025.

Erik Ulfsby

GLER SEG:–Eg sa ja med ein gong då eg fekk spørsmålet, seier Erik Ulfsby.

Foto: Bård Gundersen / Peer Gynt AS

Erik Ulfsby har vore teatersjef ved Det Norske Teatret sidan 2011.

I august vart det kjent at han kjem tilbake som regissør for den kjende teateroppsettinga på Gålå til sommaren.

No er det også klart at han overtar som ny kunsterisk leiar for Kulturfestivalen Peer Gynt når Ellen Horn takkar for seg i 2025.

May Britt Støve, daglig leder i Peer Gynt AS

NØGD – Med Ulfsby på laget er eg sikker på at vi vil forsterke vår posisjon som ein viktig forvaltar av Ibsen sin dramatikk, seier May Britt Støve.

Foto: Peer Gynt AS

– Når vi skal erstatte ein kunstnarisk leiar av det formatet Ellen Horn har representert gjennom snart 6 år, måtte vi velje frå øvste hylle, seier May Britt Støve.

Ho er administrerande direktør i Peer Gynt AS.

– Med Erik Ulfsby får vi ein kunsterisk leiar med teft for dei store formata, seier Støve.

Tilbake til Gålå

Erik Ulfsby er godt kjent på Gålå.

I årå 2014–2016 hadde han regi på Peer Gynt i amfiet ved Gålåvatnet.

Førestillinga hadde Mads Ousdal i tittelrolla, og hausta svært gode kritikkar.

I sommar kjem altså Ulfsby tilbake med ei vidareutvikling av denne versjonen av Ibsen-klassikaren, framleis med Ousdal som Peer.

Eg håpar vi kan opne endå nokre dører inn i dette meisterverket av ein tekst, seier Ulfsby som legg til at han gler seg stor.

Les også Het salgssuksess for Peer Gynt

Peer Gynt 2015

Tradisjon og fornying

Når Ulfsby i tillegg kjem tilbake som kunstnarisk leiar neste år er han oppteken av å finne den rette balansen mellom tradisjon og fornying:

– Her er det ting av stor verdi som vi heilt openbert skal ta vare på. Og så er det sjølvsagt også heilt naudsynt å fornye og at ein tar festivalen inn i ein ny tid, seier han.

I 2028 er det 100 år sidan Peer Gynt-stemnet var arrangert for fyrste gong i Gudbrandsdalen.

Peer Gynt spelet

NY DANS: Mads Ousdal som Peer Gynt i 2016. Denne sommaren kjem han tilbake til Gålå.

Foto: Bård Gundersen

I 1989 tok festivalen ei ny form med årleg utandørsteater på Gålå.

Når festivalen feirar hundre år i 2028 fell dette saman med den internasjonale feiringa av Henrik Ibsen sin 200-års dag.

Erik Ulfsby seier det doble jubileet gir både ekstra motivasjon og mange moglegheiter:

– Eg både håpar og trur at vi kan få til mykje i samarbeid med andre relevante aktørar, og bidra til løfte både festivalen og Ibsen sin eineståande tekst endå høgare i medvitet tilf olk. Men aller først gler eg meg til å lage ny førestilling alt denne sommaren, i godt samarbeid med Ellen Horn og eit fantastisk lag av profesjonelle og frivillige, avsluttar Ulfsby.

Dei to siste åra har Aksel Henie spela Peer Gynt på Gålå:

Les også – Har pusta og ånda Peer Gynt i flere måneder allerede

Peer Gynt. Mimmi Tamba og Aksel Hennie