Hopp til innhold

Elektronisk posttrøbbel

Har du fått beskjed om at e-postane du sender ikkje har kome fram? Du er ikkje den einaste...

e-post

Mange får beskjed om at mailane dei sender er forsinka. Årsaka er utanlandsk søppelpost.

Mange abonnentar som er tilknytt Telenor sitt e-postsystem har dei siste dagane opplevd at dei ikkje får mailane sine.

Dei som sendar e-post til desse kundene får beskjed om "Message Delayed", altså at meldinga er forsinka.

- Dette skuldast store mengder søppelpost eller spam mot våre mailservarar, seier informasjonssjef i Telenor, Elisabeth Evjen.

- Ingen mail går tapt

Ho fortel at det den siste tida har vore internasjonale aktørar som sender store mengder av uønska e-post, noko som gjev forsinkingar blant dei som har mailadresse som sluttar på online.no.

Dette fører til at dei som sender e-posten får beskjed om at den blir forsinka, medan mottakarane ikkje får mailen inn på sin innboks.

- Eg må likevel understreka at ingen mail vil gå tapt, seier Evjen.

Nokre dagar til

Evjen seier at dette berre gjeld nokre av deira kunder, og at dei jobbar med å løyse dette problemet.

- Bi jobbar nå med å stengje desse internasjonale spam-aktørane ute. Vi håpar å ha kontroll på store delar av problemet i løpet av nokre dagar, seier informasjonssjef i Telenor, Elisabeth Evjen.