Hopp til innhold

– Skredradar kan ha redda liv

LOM (NRK): Ein skredradar langs vegen varsla bilistar om snøskredet som gjekk over riksveg 15 like etter klokka sju i dag tidleg.

Autovernet er vrengt etter snøras i Lom

STORE SKADER: Snøen har gjort store skader. Her ser ein autovernet som er fullstendig øydelagt.

Foto: Even Lusæter / NRK

Vegen er no opna igjen etter å ha vore stengd sidan snøskredet gjekk i dag tidleg.

Politiet fekk melding om skredet like etter klokka sju på morgonen. Det gjekk ved Knutstugu i Vikedalane, to-tre kilometer vest for Lom.

Skredet breidde seg over vegen, og var ifølge politiet mellom 80 og 100 meter breitt, og 1,5 meter høgt.

Tor Trønnes som var innsatsleiar, seier at autovernet vart pløgd ned og at det vart store skader i området.

Snøras over riksveg 15 i Lom

BREITT: Politiet meiner raset er rundt 80–100 meter breitt.

Foto: Privat

Radar kan ha redda liv

Strekninga der skredet gjekk var utstyrt med radarvarsling. Det vil seie at trafikklys nede ved vegen lyser raudt når det blir registrert ristingar oppe i fjellveggen.

Det kan ha redda liv, seier innsatsleiar Tor Trønnes. Det vart ikkje funne bilar eller menneske i snømassane.

Søker i snøen

LEITING: Redningsmannskap har søkt i området, men fann ikkje bilar eller menneske i snømassane.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Dei bilane som stod på kvar side av skredet stoppa truleg på grunn av det raude lyset, utan at vi har det hundre prosent bekrefta. Hadde dei halde fram kunne dei ha blitt tekne av skredet. Det er det ikkje tvil om, seier han.

Radaren er sett opp av bedrifta Cautus Geo AS, og dei skriv i ei pressemelding at radaren i Lom rakk å melde frå før også den vart teke av skredet.

– Ser dramatisk ut

Vegen er einaste utfartsveg sørover for dei som bur i Skjåk, og ifølge tips frå folk som bur i området mista dei også straumen.

– Eg vart ringt av venner og kjente som lurte på om det gjekk bra med oss, seier Øystein Garmo.

Han bur rett i området der skredet gjekk og kom seg raskt ut for å observere det som skjedde der. Han trur høgspentlina er nede.

– Tre ligg spreidd langt utover isen her. Det ser eigentleg ganske dramatisk ut, sa Garmo.

Skredsøking i raset utanfor Lom

SØKER: Redningsmannskap ser etter om folk eller bilar er tekne i raset.

Foto: Even Lusæter / NRK