Hopp til innhold

Ein til sjukehus etter ulykke på Tynset

Ein personbil og ein lastebil kolliderte måndag ettermiddag på Tynset.

Totalt fem personar var involverte. Ingen var fastklemde, men ein person vart køyrd til sjukehus for behandling. I tillegg vart tre personar køyrde til legevakt for sjekk.

– Har ingen opplysningar om skadegrad, skriv politiet.

Like etterpå skriv politiet at ambulansen har sklidd av Folldalsveien i samband med utrykking til Tynset-ulykka.

– Det skal ikkje vera personskadar, skriv politiet.