Hopp til innhold

Ein kritisk skadd etter ulukke på riksveg 4

Ein person er sendt til Ullevål i luftambulanse etter ei ulukke mellom to bilar på riksveg 4 i Roa i Lunner. Trafikken blir dirigert.

Ulykke i Lunner

ULUKKE: To personbilar frontkolliderte. Tre involverte vart skadde.

Foto: EIVIND BERGE HÅKONSLØKKEN / Privat

Politiet fekk melding om ulukka rundt klokka 14 søndag.

– Det var ein person i den eine bilen og to i den andre og alle er skadde, sa Arne Norvik hos politiet i Innlandet.

Ein av dei skadde vart sendt med luftambulanse til Ullevål og har status som kritisk skadd. Ein person vart sendt dit i sjukebil og den tredje vart sendt til legevakta lokalt for sjekk.

Laster Twitter-innhold

Vil ha vitne

Politiet driv undersøkingar på staden no, fortel Sissel Svarstad hos politiet. Truleg har den eine bilen komme over i motgåande køyrefelt og frontkollidert med den andre.

Politiet ber folk som kan ha sett ulukka om å ta kontakt.

– Det er i samband med køyreatferden til bilen som kom over i motgåande køyrefelt før ulukka, seier Svarstad.

Ulukke Roa

LUFTAMBULANSE: Ein av dei skadde vart sendt til Ullevål i luftambulanse.

Foto: Eivind Berge Håkonsløkken / Privat

Svarstad seier ingen av dei som er involverte i ulukka kjem frå området, men var på gjennomreise.

Omkøyring

Vegen var er stengt forbi ulukkesstaden. No er det etablert omkøyringsveg, melder Vegtrafikksentralen.

Dei melder også om mykje kø på E6 mot Lillehammer på grunn av vegarbeid ved Moelv.

– Vi anbefaler likevel å ta riksveg 4, for trafikken flyt greitt forbi der no, seier Trude Linstad, trafikkoperatør hos vegtrafikksentralen.

Flere saker fra Innlandet