Hopp til innhold

Tre lastebilar av vegen på grunn av glatt føre

Det var kraftige vindkast og så glatt at det var vanskeleg å stå på beina på E6 over Dovrefjell. Vegen er opna for trafikk no.

Lastebilar dovre

BERGING: Tre lastebilar var i ulukke på Dovrefjell. Bergingsarbeidet driv på heile dagen.

Foto: Even Lusæter / NRK

Politiet melder om at det er tre individuelle ulukker som har skjedd med nokon minutts mellomrom i morgontimane tysdag.

Ein lastebil køyrde først av vegen på Dovrefjell. Ein brøytebil kom til staden og sklei sjølv av. Ein tredje såg kva som hadde skjedd og enda med å sakse over vegen den også.

– Her har det vore veldig glatt på eit kort stykke. Det er ikkje uvanleg at dette er ei skummel strekke, seier Innsatsleiar, Ingrid Tøndel.

Lastebil Dovrefjell

AV VEGEN: Ein av lastebilane ligg uti grøfta.

Foto: Brann Dombås

Bergingsbilar jobbar no på staden for å berge bilane. Ifølge innsatsleiaren kjem dei til å måtte jobbe heile dagen for å få rydda.

Vegen er salta og vegen er opna for trafikk i eitt felt forbi ulukkesplassane. Det er redusert kapasitet og manuell dirigering, ifølge Vegtrafikksentralen.

Strøbil av vegen

BRØYTEBIL: Denne lastebilen var den andre som hamna i grøfta på Dovrefjell, etter å ha sett til den første bilen, ifølge politiet.

Foto: Even Lusæter / NRK

Var kraftig vind

Det vart meldt om kraftig vind på fjellovergangen. Ifølge Vegtrafikksentralen var det vindkast opp i mot 20 meter i sekundet i morgontimane.

– Det er kraftig vind der oppe, luftambulansen prøvde å fly opp dit men kom ikkje heilt fram på grunn av vind. Så vi har tatt den skadde med ambulanse til luftambulansen, som blir følgt opp der, sa Haagen Løvseth i politiet tidlegare på morgonen.

Ein lastebil har køyrd av vegen og to andre har køyrt i kvarandre på Dovrefjell. Vegen er glatt og det er kraftige vindkast.

ULUKKE: Tre lastebilar har vore involvert i ulukka. Det er ekstremt glatt, melder Brann Dombås, som er på staden.

Foto: BRANN DOMBBÅS

Ein person er skadd og sendt til sjekk på sjukehuset i Lillehammer, melder politiet. Det skal ikkje vere alvorlege skader.

Berging Dovrefjell

GLATT: Det er glatte vegar på Dovrefjell. Bergingsbilar er på staden.

Foto: Even Lusæter / NRK

Flere saker fra Innlandet