Hopp til innhold

Brann i bensinstasjon: – Ein person sendt til Haukeland

Det begynte å brenne på ein bensinstasjon i Ringsaker. Ein person er sendt til Haukeland sjukehus etter brannen.

Brann YX Ringsaker

BRANN: Det var på ein bensinstasjon på Tingnes på Nes i Ringsaker det begynte å brenne. Det var stor røykutvikling.

Foto: HELLE THERESE KONGSRUD / NRK

Bensinstasjon ligg i Bryggevegen på Tingnes i Ringsaker. Det er gass og drivstoff knytt til bygget.

Politiet frykta det kunne bli alvorleg. No skal gassen vere sikra og brannvesenet har fått kontroll.

– No har brannvesenet fått kontroll på brannen og den er slik sett sløkt, seier Stig Cato Larsen som er innsatsleiar på staden.

Tre personar vart sendt til sjukehus for sjekk. No opplyser sjukehuset Innlandet at ein av dei er sendt til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Kommunikasjonsmedarbeider, Line Fuglehaug har ikkje opplysningar om skadegrad på personen. Men seier at Haukeland har ei nasjonal brannskadeavdeling.

Bustadområde

Politiet fekk melding om brannen like etter klokka sju måndag morgon.

NRK sin reporter på plassen fortalde at det var stor røykutvikling frå bygget. Røykdykkarar skal ha vore i bygget.

Bensinstasjonen ligg i eit område med mange bustadar rundt. Ein person bur i tilknyting til bensinstasjonen og vart evakuert.

brann ringsaker

RØYK: Det er stor røykutvikling frå bensinstasjonen. Brannvesenet jobbar med sløkking.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

Kontroll på flammane

Brannvesenet driv med sløkking og luftar ut med vifter. 110-sentralen meldte like etter klokka åtte at den store faren var over.

– Slik vi ser det skal det vere ganske god kontroll. Det er ingen opne flammar på staden lengre, seier Atle Røed, som er vaktleiar på 110-Innlandet.

Brannvesenet veit førebels ikkje kva som har begynt å brenne. Krimteknikarar skal undersøke staden så snart det er mogleg.

Stig Cato Larsen

INNSATSLEIAR: Stig Cato Larsen er innsatsleiaren på staden.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

– No blir det etter kvart å begynne med etterforsking for å finne ut kva som er skjedd, seier Stig Cato Larsen.

På grunn av at det var gass i bygningen, sette politiet raskt opp ei sikkerheitssone på 300 meter rundt bygget. Då gassen vart sikra, vart evakueringssona oppheva.

BRANN: Fleire brannbilar rykka ut til bensinstasjonen etter meldinga om brannen.

Tre til sjukehus

Tre personar vart sendt til sjukehus for sjekk etter å ha fått i seg røyk. Politiet melder at to av dei framleis er lagt inn på sjukehuset i Hamar. Skadegraden er førebels ukjent.

Ein bebuar knytt til bensinstasjonen er evakuert. Andre naboar blir bedt om å halde seg inne med vindauge og dører lukka og stenge ventilasjonsanlegg.

Eva Lerbakken bur like ved og vakna i dag tidleg av det som skjedde.

– Eg låg i senga og høyrde det smalt. Eg trudde kanskje det var postmannen som smelte lokket på postkassa. Men så tenkte eg at dette ikkje kunne stemme, seier ho.

eva nabo til Brann

SKREMMANDE: Eva Lerbakken er nabo til bensinstasjonen. Ho seier det var ei skremmande oppleving å vakne til brannen.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

Ho fekk beskjed av politiet om å halde seg inne og lukke døra si.

– Det er ekkelt og skummelt på alle måtar. Og eg tenker på dei som driv bensinstasjonen, seier Lerbakken.

NES: Bensinstasjonen ligg i eit område med mykje bustadar.

Flere saker fra Innlandet