Kvinna, som er i slutten av 30-åra, er dømt til 40 dagar i fengsel for å ha truga og slått tilsette i barnevernet.
Drapstrugsmål
Kvinna har truga to tilsette på livet, og nekta dei å gå frå eit hus dei var i.
I retten sa ho at barnevernskuratorane fortente å bli slått.
Angrar ikkje
Retten meiner det er skjerpande at kvinna ikkje angrar på det ho gjorde.
I tillegg til å sone i fengsel må ho betale sakskostnadar på 1.000 kroner.
Kvinna er også dømt for tjuveri, og for å ha prøvd å lure til seg pengar på sosialkontoret.