Hopp til innhold

Dronning Sonja får ikkje si eiga DNT-hytte

Den Norske Turistforening har bestemt seg for ikkje å bygge Dronningsetra. Det skjer etter mykje motstand.

DNT møter stor motstand rundt bygginga av Dronningsetra i Nord-Fron kommune.

SKRINLEGG PLANANE: DNT Gudbrandsdalen skrinlegg planane om hytte i Nord-Fron.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Eit samla styre avgjorde at me ikkje skal gå vidare med prosjektet, seier styreleiar Magnar Bratlien i DNT Gudbrandsdalen.

Det var i eit ekstraordinært styremøte tysdag kveld at DNT Gudbrandsdalen vedtok at dei vil trekke byggesøknaden for planlagde turisthytta som vart kalla opp etter Hennar Majestet Dronninga, nemleg «Dronningsetra».

Dronningsetra, som skulle ligge i Nord-Fron, i nærleiken av kongefamilien si eiga hytte, Prinsehytta, har fått fleire protestar.

Prosjektet er svært omstridt, og både beitenæring og naturvernorganisasjonar har sagt nei til ny DNT-hytte.

Når DNT no trekk søknaden, så gjer dei det før Fylkesmannen har behandla klagene.

Dronning Sonja hos DNT Drammen

ÆRESMEDLEM: Dronning Sonja blei overrekt æresmedlemskap av DNT i 2017. Her på besøk hos DNT Drammen. No får ho ikkje bygd hytte i sitt namn.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Gjorde endringar

DNT Gudbrandsdalen har jobba sidan 2014 for å få bygd lokalforeininga si første hytte.

Den første opphavlege tomta vart godkjend av både kommunen og Fylkesmannen, men etter fleire protestar har DNT hatt planar om å bygge hytta på ei anna tomt. Dei planla også å redusere storleiken på hytta og la om stinettet.

Magnar Bratlien

SKUFFA: Styreleiar Magnar Bratlien i DNT Gudbrandsdalen er skuffa over å no måtte skrinlegge planane om Dronningsetra.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Dette gjorde at me trudde me kunne imøtekomme protestane, og i utgangspunktet var det positivitet frå dei som protesterte, men i etterkant har protestane tatt seg opp igjen, seier Bratlien.

Han seier dette eskalerte for mykje.

– Det vart for mykje negativ omtale av prosjektet og det positive arbeidet som me ønska å få til med prosjektet med tilrettelegging for barn og unge, og dei som treng tilbod for å lettare komme seg ut i naturen, seier Bratlien.

Her skal DNT kanskje bygge Dronningsetra.

HYTTETOMT: Her vurderte DNT å bygge Dronningsetra.

Foto: Even Lusæter

Er skuffa

Magnar Bratlien seier han er svært skuffa og tykkjer prosessen har vore tung. Mykje negativ omtale av hytta som skulle ligge i Nord-Fron har vore belastande, og turistforeininga ynskjer no å bruke kreftene på andre tiltak.

– For halvanna år sidan hadde vi finansiering og alle løyve i orden og var klare til å bygge. Vi fekk mange positive signal frå fleire kantar, og meinte vi hadde eit positivt prosjekt for å få fleire barn og unge ut i naturen, seier Bratlien.

Motstanden mot prosjektet seier Bratlien har tatt for mykje energi.

– Me meiner framleis dette ville vore eit godt prosjekt for friluftslivstilgang, og for Skåbu spesielt, seier Bratlien.

Skisse av DNT-hytta

DRONNINGSETRA: Den planlagde sjølvbetjeningshytta skulle få 30 sengeplassar, og få namnet «Dronningsetra». Hytta skulle vere eit ledd i DNT sitt stinett inn i Jotunheimen.

Foto: Hille Melbye arkitekter

Glade for skrinlegging

Nestleiar Nelly Karidatter Einstulen i Oppland Naturvernforbund er glad for å høyre at DNT Gudbrandsdalen har bestemt seg å ikkje bygge Dronningsetra.

– Først vil eg seie me er utruleg glade og takknemlege for at me har kunne vere med og verne om eit unikt våtmarksområde i Oppland, seier Karidatter Einstulen.

– Tanken på at dette området og det spesielle rike fuglelivet kan bli verna om, for framtida, er me overlukkelege for, for dette er verkeleg verdt å verne om, seier ho.

Nelly Karidatter Einstulen

GLAD: Nestleiar Nelly Karidatter Einstulen i Oppland Naturvernforbund synest det er riktig å skrinlegge planane om DNT-hytta i Nord-Fron.

Foto: Even Lusæter / NRK

Naturvernforbund-nestleiaren er likevel forundra over at DNT viser til motstanden, men at dei ikkje nemner naturverdiane når dei no skrinlegg prosjektet.

– Me lurer på om DNT har lært noko av saka og konflikten som har oppstått mellom DNT og verneinteresser, seier Karidatter Einstulen.

– Det er ikkje alle naturområde me skal gå inn i, og då organisere trafikk og aktivitet inn i. Det er nokre område som faktisk bør få vere i fred, seier ho.

Flere saker fra Innlandet