Hopp til innhold

Brukte 51000 på kaffetraktarar

Økonomien ved Brøttum almenning er fullstendig ute av kontroll, seier fungerande styreleiar Tor Vold.

Brøttum almenning
Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Den tradisjonsrike almenninga i Brøttum har store økonomiske problem. Oppseiingar av nøkkelpersonar, alt for dyre lønsavtaler og manglande pengestyring blir peikt på som årsaka til at selskapet nå er kjørt i grøfta.

Dei har ei gjeld på rundt 63 millionar kroner, og gjekk førre veke til tingretten og kravde offentleg gjeldsnemnd.

Tor Bjørnar Vold

Økonomien var fullstendig ute av kontroll, seier styreleiar Tor Bjørnar Vold.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

- Vi har mista kontrollen, seier fungerande styreleiar og dagleg leiar Tor Vold.

Krisemøte i går

I går vart det gjennomført eit informasjonsmøte der firmaet sin økonomi vart presentert. Dei 100 andelseigarane fekk høyre at rekneskapa var fullstendig ute av kontroll.

Som døme på uansvarleg pengebruk blir det vist til leasingavtaler for kaffetraktarar for 51 000 kroner i året samt innkjøp av unødvendige firmabilar og hjullastarar.

Økonomirådgjevar Ole Farmen trur likevel ikkje at alle skjeletta i Brøttum Almenning er ute av skåpet.

- Det tvilar eg på. Dette dreier seg ikkje om dei heilt store summane i seg sjølv. Men når ein går til innkjøp av ting som ein overhovud ikkje har bruk for når ein allereie har betalingsproblem, da blir det heilt absurd.

- Styret har svikta

Det er Tor Vold som har det tunge ansvaret med å rydde opp i pengekaoset i Brøttum Almenning. Han fungerer for øyeblikket både som styreleiar og dagleg leiar.

- Det blir meir eit spørsmål om å konstatere det som har skjedd og virkninga av det. Vi har fullstendig mista kontrollen, seier han.

Han innrømmer at den tidlegare daglege drivaren har fått for utvida fullmakter, og at styret har svikta.

- Det viser seg at enkelte tilsette har fått svært god løn medan andre har vorte ståande att. Kva seier du til det?

- Det er ei følgje av fleire satsingar som har vorte gjort og at det var nødvendig å få tak i spesielle folk. Dette vart kostbart, medan dei som jobba i produksjonen vart ståande att. Det er eit tungt ansvar, seier Tor Vold.

Folkemøte Brøttum almenning

Mange hadde møtt opp til informasjonsmøtet om Brøttum almenning sin økonomi. Og mange fekk bakoversveis av den manglande økonomistyringa.

Foto: Arvid Torsgard / NRK