Hopp til innhold

Fosforgranat begynte å brenne i bakken på Sivilforsvaret sitt område

Det begynte å brenne i eit hol i bakken då gravemaskinar skulle fjerne asfalt. Forsvaret sin robot fann det som truleg er ein engelsk granat.

Brann Starum

SLØKKING: Brannvesenet fekk først ikkje sløkt brannen, for den blussa opp igjen. No skal det vere sløkt, seier innsatsleiaren.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Torsdag klokka 12.43 fekk politiet melding om at det brann i bakken utanfor anlegget til Sivilforsvaret på Starum i Østre Toten.

Rett før klokka 20 torsdag kveld seier politiet sin innsatsleiar på staden at dei kan heve sperringane. Dei over 40 personane som vart evakuerte kan flytte heim igjen.

Brann Starum

UNDERSØKER: Pål Gjestvang, som er innsatsleiar på staden seier dei no jobbar på spreng for å finne ut kva det er under bakken som tok fyr.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Truleg ein granat

Politiet seier området vart brukt av tyskarar krigen og det kan ha vore noko frå krigens dagar som tok fyr. Det vart brukt som lagringsplass under verdskrigen.

Det var då ein skulle fjerne asfalt på området utanfor Sivilforsvaret sin leir at dei oppdaga at det brann i eit hol i bakken.

Forsvaret vart tilkalla for å sjekke ut kva dette var. Bebuarane innanfor 300 meter frå plassen er evakuerte. Alle som bur i 500 meter radius unna er bedt om å lukke vindauga sine.

Brann Starum

SPERRING: Eit område på 300 meter er sperra av, sjølv om brannen er skjedd på eit veldig lite område, ifølge politiet.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Innsatsleiaren på staden seier forsvaret sin robot har undersøkt og grave i området. Den har funne ein liten gjenstand som tydeleg har brunne.

– Det er truleg ein engelsk fosforgranat, seier innsatsleiar, Trond Evensen.

Gjenstanden måtte kjøle seg ned, før dei fekk undersøkt den. Det var lenge uavklart og fare for at det kunne sprenge der.

Forsvaret skal ikkje ha funne andre granatar enn den som begynte å brenne.

Fekk ikkje sløkt brannen

Sivilforsvaret hadde prøvd å sløkke brannen med skum utan hell tidlegare på dagen.

– Vi fekk melding frå sivilforsvaret om at dei sleit med å sløkke ein brann. Dei skulle fjerne asfalt og det hadde begynt å brenne av uviss grunn, sa Atle Bernhoft von Obstfelder i politiet.

Politiet sperra av eit område på 300 meter. Bebuarar innan ein radius på 500 meter vart bedt om å ha vindauga sine lukka.

Det var fem personar frå tre bustadhus i nærleiken som måtte evakuerte. I tillegg 40 personar frå eit hestesenter i nærleiken.

  • Mange har vakta grensa under pandemien:

Flere saker fra Innlandet