Hopp til innhold

Blokade mot påstått streikebryteri

Transportarbeiderforbundet meiner det pågår streikebryteri på Rudshøgda, og blokkerte onsdag bedrifta Bring Frigoscandia.

Blokade Rudshøgda

Medlemmar frå Hedmark transportarbeiderforbund samla seg i dag utanfor terminalen til Bring Frigoscandia på Rudshøgda for å hindre det dei meiner er streikebryteri.

Foto: Jan Erik Løvbak / NRK

Den daglege leiaren på terminalen på Rudshøgda er medlem av Transportarbeiderforbundet og derfor teke ut i streik. Derfor har den daglege leiaren frå Oslo teke turen oppover for å hjelpe til. Streikebryteri, meiner leiar i Hedmark Transportarbeiderforbund, Magne Mathiassen.

– Det har vore full drift der sjølv om bedriften har vore i streik.

Blokade

Han fortel at dei nå vil setje i gang ein blokade mot terminalen på Rudshøgda.

– Dette er heilt forkasteleg i forhold til den arbeidskampen vi driv. Vi vil derfor blokkere bedrifta for å markere vårt syn, seier Magne Mathiassen i Transportarbeiderforbundet i Hedmark.

– Ikkje streikebryteri

Dagleg leiar ved Bring Frigoscandia, Ingvard Risholm, er den som har reist til Rudshøgda for å hjelpe til under streiken. Han avviser at dette er streikebryteri.

– At den daglege leiaren hjelp bryt ikkje spelereglane for streik. Så eg har hjelpt til nokre dagar.

Han er ikkje enig i at aktiviteten har gått som normalt under streiken.

– Det har omtrent ikkje vore aktivitet på 4-5 dagar, så denne blokaden vil ikkje få noko som helst slags følgjer. I dag trur eg at det er ein bil som skal hente nokre traller, utanom det er det ingen aktivitet, seier Ingvard Risholm.