– Vi har ikkje funne spor eller ferske skader, og difor avsluttar vi nå mobiliseringa, seier Lars Gangås i sno.
To fellingsleiarar frå sno Sør-Norge og ein svensk hundeførar med to spesialtrente ulvehundar har vore mobilisert i området rundt Gran den siste veka. Men jakta har vore resultatlaus.
Avhengig av ferske spor
Sjølv dei spesialtrente hundane er avhengige av ferske spor for å finne og jaga fram ulven. Men den siste veka har det ikkje vore meldt om ferske skader eller andre konkrete observasjonar å gå etter.
– Vi har begynt å tvile på at ulven framleis er i dette området, seier fellingsleiar i sno Lars Gangås.
Men det er svært store område å leite i, og utan ferske spor er det nyttelaust å leite.
– Vi har ikkje funne ulvemøkk på vegane eller andre konkrete spor etter ulven, seier Gangås.
Fann sauekadaver
I går melde Oppland Arbeiderblad om at det var funne eit sauekadaver i Eina i Vestre Toten og at fleire sauer er sakna.
Sno har i undersøkt kadaveret, og seier at det ikkje er fersk nok skade til at ein kan bruke det til å søke vidare.
– Ut frå storleiken på maggoten har sauen vore skadd ei stund, seier Gangås.
I dag reiser den svenske hundane og den svenske hundeføraren heim att til Sverige og mobiliseringa blir avslutta i denne omgang.