Hopp til innhold

Ap vil behalde Innlandet fylke

Fylkestingsgruppa i Arbeidarpartiet vil vidareføre Innlandet fylke, trass i at folkeavstemminga fekk motsett resultat.

Partiet skriv i ei pressemelding at valdeltakinga i folkeavstemminga var låg og at befolkninga i praksis er delt på midten. Dei ser det ikkje som eit krav frå folket at ein skal bli Hedmark og Oppland igjen. Det har i tillegg vore høyring i kommunane og undersøking blant dei tilsette i fylkeskommunen.

– For å lande på at deling er riktig må folkeavstemminga vektast 100 prosent, og høyringane frå kommunar, organisasjonar og institusjonar vektast 0 prosent og medarbeidarundersøkinga vektast 0 prosent. Det har vi respekt for at fleire meiner er riktig måte å handtere dette på, skriv dei i pressemeldinga.

Hans Kristian Enge, gruppeleder for Arbeiderpartiet i fylkestinget i Innlandet.
Foto: Ruth Barsten / NRK