Hopp til innhold

Fekk ADHD-diagnose som voksen: – Trudde andre hadde det som meg

Anne Synnøve syntest aldri ho fekk til noko godt nok. Så sa legen at det ikkje var vanleg å ha det slik.

Som mange kvinner med ADHD fekk Anne Synnøve Skansen Østensen diagnosen i godt vaksen alder.

SEIN DIAGNOSE: Som mange kvinner med ADHD fekk Anne Synnøve Skansen Østensen diagnosen i godt vaksen alder.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Ho var meir sliten enn elles. Full jobb og politiske arbeid i kommunestyre og formannskap vart mykje.

– Eg hadde ein fastlege som kjente meg godt. Han fant fram nokre spørjeskjema, som eg skulle svare på. Det var ingen tvil, seier Anne Synnøve Skansen Østensen.

Ho kom til utgreiing på DPS og fekk etter kvart diagnosen ADHD.

– Og eg fekk medisinar som hjelpte meg.

Opplevinga til Anne Synnøve er typisk for mange kvinner med ADHD.

I ei ny undersøking som Oslo Met har gjort for ADHD Noreg svarte meir enn 50 prosent av kvinnene at dei fekk diagnosen etter dei fylte 30 år.

Les også Diagnosen bak galskapen

Arvid Mæland i mørket

Sein diagnose hos kvinner

Hos gutar med konsentrasjonsvanskar og impulsiv åtferd, kan vegen til diagnosen vere kort. Jenter med ADHD ter seg ofte annleis, dei kan bli stille og introverte.

Men problema melder seg med åra.

I undersøkinga svarte meir enn 3000 personar på korleis livet med ADHD er.

Forskar Vegar Bjørnshagen ved Oslo Met seier at funna tyder på at vaksne med ADHD er mindre nøgde med si fysiske og psykiske helse enn elles.

– Og i tråd med tidlegare studiar finn vi også at ein større del er plaga med symptom på angst og depresjon i tillegg til at mange kjenner seg einsame.

Vegar Bjørnshagen

FORSKAR: Vegar Bjørnshagen er forskar ved Velferdsforskingsinstituttet NOVA, ved Oslo Met.

Foto: NOVA, OsloMet

Undersøkinga viser òg at mange sysselsette med ADHD relativt til befolkninga generelt føler seg psykisk utmatta når dei kjem heim frå arbeid.

Ein større del opplever òg mindre sosial tryggleik frå næraste leiar og arbeidskollegaer.

– Vi finn samtidig at det er mange som har behov for, eller behov for meir, tilrettelegging av arbeidstilhøvet. Dette er viktige funn tatt i betraktning at vaksne med ADHD har ei svakare tilknyting til arbeidsmarknaden enn andre, noko som er velkjent òg frå tidlegare studiar, seier Bjørnshagen.

– Mykje eg ikkje får til

Anne Synnøve Skansen Østensen har alltid fylt dagane sine til randa med gjeremål.

Fleire stader ho har jobba vart ho vald til verneombod, saman med den andre jobben. Og ho har hatt mange ulike verv på fritida. Store verv som å drive ein fritidsklubb på fritida. Til å sitte i FAU, til å vere frivillig på Øyafestivalen i mange år.

Ho har også fått prisar for frivilligarbeidet sitt.

– Eg har hatt mykje energi og stort engasjement. Hyperengasjert vil nokon si. Så eg har gjort mykje.

Men det er også mykje ho ikkje får til, som ho skammar seg over, ifølgje ho sjølv.

For det første var eg ei katastrofe med pengar og økonomi. For det andre har eg aldri greidd å ta ei høgare utdanning. For det tredje er eg alt for fritalande. Eg skammar meg ikkje over det, men det kan bli slitsamt for omgjevnadane og meg når det skjer. Og for det fjerde greier eg ikkje å gjere noko med livsstilen min.

Men det Anne Synnøve har, er full jobb i Statens vegvesen. Ho har ein arbeidsgjevar som legg til rette for at ho kan arbeide heime nokre dagar i veka, i ei stilling der jo jobbar svært sjølvstendig.

Nå prioriterer ho å gjere den godt, jobben er viktigare enn det frivillige arbeidet, akkurat nå.

Anne Synnøve Skansen Østensen

HEIMEKONTOR: Anne Synnøve jobbar i 100 prosent stilling i Statens vegvesen. Ho har delvis heimekontor, og styrer jobben sin mykje sjølv.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Eit viktig funn i undersøkinga frå Oslo Met er at mange med ADHD kjenner seg psykisk utmatta når dei kjem heim frå arbeid. Og at dei har meir behov for individuell tilrettelegging på arbeidsplassen.

Dette er viktige funn når vi veit at vaksne med ADHD har ein svakare tilknyting til arbeidsmarknaden enn andre, noko som er kjent også frå tidlegare studiar, seier forskar Vegar Bjørnshagen.

Les også Opplevde enorm respons då ho delte diagnosen sin på TikTok

Hjelpe andre

Oktober er «ADHD awareness month». Og Anne Synnøve Skansen Østensen er opptatt med å skrive kronikkar og halde foredrag om ADHD.

Ho er også ein «likeperson» i ADHD Noreg. Kvinner med liknande historier kan ringe Anne Synnøve for ei samtale. Tanken bak er at folk med lik erfaring kan hjelpe kvarandre.

Ho får mange, gode reaksjonar frå andre kvinner. Som plutseleg forstår kvifor mykje har vore vanskeleg gjennom livet.

Anne Synnøve innrømmer at energien er tilbake for fullt.

Nå gjeld det å klare å hald litt att og å prioritere riktig.

Men ho har sagt ja til å stille på lista for Ap til kommunestyret i Gausdal til valet neste år.

– Det er så mange saker eg blir så kjempeengasjert i. Så eg vil gjerne vere med. Men litt langt nedpå lista da, så blir det kanskje ikkje så travelt, seier ho.

Les også Responsen fikk ham til å gråte for første gang på 50 år

Arvid Mæland

Flere saker fra Innlandet