Hopp til innhold

Her betaler sjefen medlemskap i fagforeininga for alle

– Me vil ha fornøgde tilsette, seier sjefen som betaler kontingenten med glede.

mAGNOR.

OPPMODA TIL Å BLI MED: På The Plus på Magnor i Eidskog blir alle nytilsette oppmoda til å melde seg inn i fagforeininga og arbeidsgivaren tilbyr å betale medlemskontingenten.

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

Marion Ødegård Karlsen går gjennom alle ordrane på møbelfabrikken for dagen.

Det er mange parkbenker som skal lagast på The Plus på Magnor i Eidskog no.

The Plus - Marion Ødegård Karlsen

Marion Ødegård Karlsen har ikkje vore så opptekne av fagforeininga tidlegare, men no er ho til og med i klubbstyret på arbeidsplassen sin.

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

Marion har jobba andre stader før, men har ikkje hatt noko forhold til det å vere med i fagforeininga.

– Eg veit faktisk ikkje om eg har vore organisert i alle jobbane eg har hatt tidlegare, seier Marion.

Men, på tilsetjingsmøtet vart ho oppmoda til å bli medlem av klubben. Arbeidsgivaren ville til og med betale for at ho skulle melde seg inn.

Synes du det er viktig å være medlem i en fagforening?

– Saman er me sterke

Frode Wahl monterer ein benk som skal stå i ein park i London. Alle plankebitane blir studert nøye før han skrur dei saman.

The Plus - Frode Wahl

Frode Wahl er tillitsvald i fagforeininga Industri Energi i The Plus. Han er glad for at alle er med i fagforeininga.

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

– Her er alle organiserte. Ser me på gjennomsnittet for landet, er det ikkje mange som har så høg deltaking, seier Wahl.

Han er tillitsvalt i fagforeininga Industri Energi ved The Plus, og meiner det er viktig at dei tilsette står saman i viktige forhandlingar.

– Saman er me sterke, seier han.

I Noreg er rundt halvparten av dei som er i jobb organiserte i ei fagforeining.

Illustrasjonen viser organisasjonsgraden i fagforeningene de siste 50-årene.

UTVIKLINGA OVER 50 ÅR: Tabellen viser utviklinga dei siste 50 åra på kor mange som er fagorganiserte.

– Eg har ikkje høyrt om at arbeidsgivar har betalt fagforeiningskontingenten for dei tilsette før, seier Kristine Nergaard, forskar ved Fafo, Institutt for arbeidslivs- og velferdsforskning.

Vil ha fornøgde tilsette

The Plus er eigd av Vestre AS som er familiebedrifta til næringsminister Jan Christian Vestre. Næringsministeren eig 70 prosent av Vestre AS.

The Plus, møbelfabrikken Vestre AS skal bygge fabrikk i Eidskog

The Plus stod klar og opna dørene bokstaveleg talt i juni i fjor. Fabrikken lagar ikkje berre møblar, men er ein besøksfabrikk der folk kan komme og sjå.

Foto: Illustrasjon / Vestre

Også ved fabrikken i Torsby betaler arbeidsgivaren for medlemskapen i fagforeininga. Og det same gjer dei altså for alle dei 50 personane som jobbar ved The Plus på Magnor.

– Me trur på ein rettferdig arbeidsmarknad med jamsterke partar. Me vil ha fornøgde tilsette. Det ligg oss varmt om hjartet, difor betaler me kontingenten for dei som vil, seier Erik Olsson, produksjonsdirektør ved The Plus.

The Plus - Erik Olsson

Eirik Olsson, produksjonsdirektør ved The Plus seier at det er viktig for bedrifta å vere berekraftig. – Difor er også det sosiale på arbeidsplassen viktig, seier han.

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

Olsson meiner at fornøgde tilsette fører til ei auka konkurransekraft.

– Me får dessutan ein bra partnar i forhandlingar for å skape dei beste føresetnadene for å drive ei berekraftig industribedrift, seier han.

Det var Glåmdalen som omtalte denne saka først.

Les også – Dette blir verdens mest miljøvennlige møbelfabrikk

Møbelfabrikken på Magnor

Opp til bedrifta

Jon Kristiansen som er regionsdirektør i NHO Innlandet seier at det er opp til kvar enkelt bedrift og kvar enkelt person om korleis dei organiserer seg, men at NHO ønskjer ei høg organisasjonsgrad.

Jon Kristiansen, regiondirektør NHO Innlandet

Jon Kristiansen, regionsdirektør i NHO Innlandet meiner det er viktig at alle partar i næringslivet samarbeider godt.

Foto: Moment Studio/NHO

– Me heiar på eit velorganisert arbeidsliv, tufta på eit godt samarbeid mellom alle partar. Det er nødvendig for å lykkast både lokalt og i store utfordringar som det grøne skiftet, seier Kristiansen.

80 prosent i offentleg sektor er organiserte, men i private bedrifter er under 40 prosent medlem av ei fagforeining.

Det kostar nokre tusen i året å vere med i fagforeininga, og Marion ved The Plus trur at nokon hadde valt det bort viss dei måtte betale sjølv.

No er ho ikkje lenger i tvil om at fagforeininga er viktig. Ho har til og med vorte med i klubbstyret.

– Me står sterkt som tilsette når alle i produksjonen er fagorganiserte. Det gir oss hjelp og støtte.

Forskar: Fagforeiningane blir viktig også i framtida

Sidan 90-talet har talet på fagorganiserte gått ned i Noreg.

– Kanskje er det slik at mange meiner at me har eit så godt arbeidsliv, at det ikkje er så viktig med fagforeiningar. Andre meiner kanskje at fagforeiningane er der uansett og ordnar opp og at det ikkje er nødvendig å vere med, så kalla gratispassasjerar, seier Nergaard, forskar ved Fafo.

Kristine Nergaard

Kristin Nergaard som er forskar i Fafo, meiner at det er tendensar i tida med uvisse i arbeidslivet og som gjer at fagforeiningane blir viktig.

Foto: FAFO

Ho meiner fagforeiningane vil vere viktig i framtida, som ei kollektiv stemme overfor arbeidsgivarane og styresmaktene.

– Me ser jo at det veks fram nye utfordringar i arbeidslivet. Nye typar tilsetjingar til dømes, færre får fast jobb, at fleire har mange jobbar og meir usikre arbeidsforhold i enkelte bransjar.

Ho meiner det er eit paradoks at dei som treng det mest, er dei som oftast har færrast med i fagforeininga, og nemner hotell- og restaurantbransjen som eit døme på det.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen