- Grunnen til ekstrapotten er at politiet ute i distrikta, spesielt i Hedmark, slit med å gjera jobben sin godt nok på grunn av pengemangel, seier stortingsrepresentant Knut Storberget.
Intensjonen med politireforma var å ha fleire politifolk ute der folk bur. Arbeidarpartiet meiner nå det må brukast meir av fellesskapet sine resurssar til å styrke bemanninga ute.
Ap vil satse meir for å gje folk i distrikta tryggleik.
Trur forslaget får støtte
Storberget trur det er gode sjansar for at forslaget blir vedtatt.
- Vi håpar at uansett kven som forhandlar med regjeringspartia i haust, så vil resurssane til politiet auke.
Vårt forslag kan få støtte med eit anna fleirtal, altså om Framstegspartiet skulle danne fleirtal med regjeringspartia, seier Storberget.
Ikkje til å leve med
Ap vil også bruke meir pengar på fengsel og domstolar, slik at køene blir borte. Det meiner dei skal redusere presset på politifolk over heile landet.
- Kva gjer at de trur at det er så dårleg stilt med politiet ute i distrikta?
- Vi har fått mange rapportar om for dårleg beredskap. Politiet er for lite til stades, det hopar seg opp med køer, og vi har problem med å få gjennom straffesakene. Det er ein situasjon vi ikkje kan leva med, seier Storberget.
Nærpoliti
Hedmark fylke er det fylket han har fått flest innspel frå når det gjelder politisaker. Nå vil partiet hans ha meir pengar til det dei kaller nærpoliti.
Grunnen til at Ap vil øyremerke midla, er frykt for at ekstraløyvingar vil forsvinne til dei store byane.
- Vi må satse meir for i gje folk i distrikta tryggleik, seier Storberget.