Hopp til innhold

Mange eldre seier dei opplever omsorgssvikt

Nesten halvparten av spurde bebuarar på norske sjukeheimar seier at de har opplevd omsorgssvikt.

Det kjem fram i ein ny rapport som Opinion har gjort for Norges Røde Kors.

Rapporten viser at 49 prosent av dei spurde bebuarane svarar at dei har opplevd omsorgssvikt som her er definert som forsømming, psykisk vald og/eller fysisk vald på sjukeheimen.

I alt tok 199 bebuarar frå alle landsdelar del i undersøkinga.