Hopp til innhold

Vinnarar av Birkebeinerrittet

Ådne Holter vann eliteklassa for herrar under Birkebeinerrittet. Han kom inn på tida 2.36.07. Han syklar for Uno-X Pro Cycling Team og Lillehammer CK. I eliteklassa for kvinner tok Marte Berg Edseth frå Ringerike SK og Uno-X Pro Cycling Team sigeren med tida 3.03.26.

Rittet feirar 30 år i år. Rundt 4000 hadde meldt seg på rittet, trass dårleg vêr og gjørme. Birkebeinerrittet har slite med raude tal og færre deltakarar dei siste åra.

Birken
Foto: Alexander Nordby / NRK