Hopp til innhold

Dovrebanen open igjen

Dovrebanen mellom Brumunddal og Moelv opna igjen like før klokka 07.30 torsdag morgon. Strekninga vart stengt onsdag kveld grunna eit ras over jernbanesporet.

Vy skriv på sine heimesider at toga køyrer, men at det kan oppstå forseinkingar og innstillingar fram til dei er i normal drift att.

Ras på jernbanesporet mellom Moelv og Brumunddal
Foto: Hanna Johre / NTB

Flere saker fra Innlandet