Hopp til innhold

Yrkesfiskar: – No må beredskap på plass

Aldri før har ein klart å fange så mykje rømt oppdrettsfisk som i Osterfjorden etter uvêret Nina, likevel meiner yrkesfiskarar at det ikkje kan fortsetje slik.

Created by InfoDispatcher

ØNSKJER BEREDSKAPSPLAN: Yrkesfiskarar har fiska opp 90 prosent av regnbogeauren etter uvêret Nina. No ønskjer dei ein beredskapsplan for liknande hendingar.

– Dette er den flottaste fisken du kan få tak i. No blir det skrei til middag i dag, seier yrkesfiskar Jon Arve Birkeland, medan han sløye fangsten.

Birkeland er akkurat heimkomen frå eit eventyrleg fiske i Lofoten, men også i heimelege traktar, i Nordhordland, har han hala opp tonnevis.

– Eg fanga mange hundre fiskar dei første dagane. Då var det berre å lasta båten med fisk, inn til land å tømme og så dra ut igjen for å dra opp meir, seier Birkeland.

90 prosent er fiska opp

Jon Arve Birkeland

TRENG BEREDSKAPSPLAN: Yrkesfiskar Jon Arve Birkeland meiner at ein treng ein skikkeleg beredskapsplan for uvêr som kan kome.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Uvêret Nina i vinter gjorde at 67 000 regnbogeaurar rømde i Osterfjorden. Det blei betalt godt for fisken, og takka vere yrkesfiskarar og frivillige er no mesteparten fiska opp.

– No når ein ser resultatet, så må vi kunne seie at det har vore ein suksess, seier Birkeland.

Meir enn 90 prosent av den rømte regnbogeauren er fiska opp, men det gjekk hardt ut over utstyret og det var ikkje planlagt. No meiner yrkesfiskarar at det ikkje kan fortsetje slik utan ein skikkeleg beredskapsplan.

– Det må på plass ein betre plan, og fartøy må vere utpeika til å utføra denne jobben. Slik må det vere i framtida, meiner Birkeland.

Treng beredskapsplan

Fiskeridirektoratet er i gang med å utbetre beredskap, men det vil ikkje skje over natta.

Vidar Ulriksen

VIL SETJE NED ARBEIDSGRUPPE: Regiondirektør i Fiskeridirektoratet Vidar Ulriksen er i gang med å utbetre beredskap, men trur ikkje det vil skje med det første.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Først må vi setja ned ei arbeidsgruppe sentralt i Fiskeridirektoratet som skal sjå på beredskap, seier regiondirektør i Fiskeridirektoratet Vidar Ulriksen.

– Næringsorganisasjonar og frivilligorganisasjonar vil bli invitert til å delta, men det er først og fremst havbruksnæringa som må ha ein beredskap som varetek krava til utstyr, legg Ulriksen til.

Dette reagerer yrkesfiskaren på.

– Det må ikkje vere sånn at om eit år eller to så opplever vi det same, og så veit vi framleis ikkje kven som skal gjere jobben. Dette må det kome på plass, legg Birkeland til.