Bygger livet på løgner

Vidar Hansen har berre jobba ei knapp veke som politimann, då det skjer. Eit dramatisk møte med ei ung jente skal merke han for alltid.

Juni 1999: Ein varm og vakker sommardag er på hell. Vidar Hansen er 26 år, og fersk politimann i Bergen. Ein lykkeleg politimann.

Endeleg er draumen han har hatt sidan sjuårsalderen oppfylt. Endeleg har han passert alle nålauge. Endeleg er livet i gang på ordentleg.

Patruljebilen glir gjennom sommarstille bergensgater. Kollegaen køyrer, Vidar er sidemann. Alt ligg til rette for ei roleg kveldsvakt. Stemninga i bilen er lett.

Dei står i lyskrysset ved politistasjonen, då det skurrar i radiosambandet. Ei 17 år gammal jente har klatra opp på ei bru i området, og trugar med å ta livet sitt.

Ordren er klar: på med blålys, full utrykking. No tel kvart sekund. Eit kvarters tid seinare når dei brua. Der er det som om tida har stoppa opp. Bilane står stille. Ved midten av brua har folk samla seg i ei klynge.

Vidar og kollegaen banar seg veg gjennom mengda. Lettelsen over å sjå politiet er merkbar.

Vidar kjenner på ansvaret. Ei tung bør for ein nyutdanna betjent. Så får han auge på jenta. Ho står på utsida av rekkverket. To spinkle hender klamrar seg fast. Eit syn han ikkje gløymer.

– Ho var veldig tynn. Hadde langt flagrande hår, og kvit sommarkjole med blomster på.

Vidar Hansen som nyutdanna politimann

Her har Vidar Hansen har akkurat fått vitnemålet frå politihøgskolen i 1999.

Foto: privat

Politimennene nærmar seg varleg, og prøver å få kontakt. Dempa, roleg og vennleg, med lav stemme, slik dei har lært på politihøgskolen. Dei forklarer at det finst betre alternativ. At ho har mykje å sette pris på. At ho må velje det rette. Jenta er oppløyst i tårer, men protesterer ikkje.

Etter rundt fem minuttar bestemmer ho seg, og strekker ei hand over rekkverket. Dei to politimennene løfter henne over på rett side.

– Den augneblinken var heilt fantastisk. Eg følte verkeleg at eg hadde vore med og berga eit liv.

Slik kunne denne historia ha enda. I så fall kan det godt hende at Vidar hadde jobba i politiet framleis. Men slik skulle det ikkje gå. 14 år seinare skulle møtet med denne jenta få livet hans til å ta ei heilt ny retning.

Mentalisten

Juli 2018: Vidar Hansen er blitt 45 år. Politiuniformen er bytt ut med mørk dress. Han står i eit kurslokale i Bergen sentrum og snakkar. Fortel den same historia, om jenta på brua.

Stemma er roleg og dempa. Ingen utropsteikn, ingen store fakter. Eit tjuetals deltakarar følgjer nøye med. Dei er her for å lære om kroppsspråk. Om dei små signala vi alle sender ut, bevisst eller ubevisst. Om kor viktig det er å tolke signala rett.

Vidar sin spesialitet er å avsløre løgn. Å gjennomskode folk som tar på seg ei maske, folk som har noko å skjule. Ein eigenskap han foredla gjennom åra i politiet.

I dag kallar han seg mentalist. Ein yrkestittel han er bortimot åleine om her i landet. På nettsida presenterer han seg sjølv som «Norges svar på Sherlock Holmes».

– Ein mentalist lagar underhaldning av det som verkar mystisk og litt uforklarleg. Eg brukar mine fem sansar til å lage ein illusjon av ein sjette.

– Høyrest ut som magi og tryllekunst?

– Ja, folk spør ofte om eg kan snakke med dei døde. Ja visst, seier eg. Eg kan snakke med døde. Men eg får aldri svar!

Vidar ler, og forsikrar at alt han driv med har ei naturleg forklaring.

I kurslokalet blir ein av deltakarane henta fram. Vidar diktar opp ei historie, der deltakaren skal velje eitt av fire alternativ. Han må lyge om kva for alternativ han tok, og så skal Vidar prøve å avsløre løgna.

På under minuttet har han funne svaret ved å sjå etter det han kallar lekkasjar i kroppsspråket. Til vantru latter og applaus frå publikum.

Vidar Hansen holder kurs i å avsløre løgner

Vidar Hansen har akkurat avslørt ein av kursdeltakarane i løgn.

Foto: KJELL JØRAN HANSEN / NRK

Vidar Hansen kombinerer magefølelse og intuisjon med teknikkar han har brukt langt tid på å øve inn. Han hevdar sjølv at han ikkje har andre evner enn folk flest. Uansett kva ein måtte meine om det; evnene er i dag levebrødet hans.

Han har laga programseriar for TV 2 og Stavanger Aftenblad. Han reiser rundt og held foredrag om kroppsspråk. Har eigne show der han viser korleis han avslører løgn. Som frilansar opptrer han på alt frå konferansar til julebord og firmafestar. Og som ekspert i NRK-serien Kroppsspråk.

Omstridde metodar

Metodane til Vidar er omstridde. Ifølgje framståande psykologar, skal det ikkje vere mogleg å avsløre løgn ved å lese kroppsspråk. (sjå faktaboks).

40 år med forsking har vist at det ikkje går an å finne tydeleg skilnad i kroppsspråket mellom dei som lyg og dei som snakkar sant. Det finst altså ingen teikn å sjå etter, om vi skal tru forskarane. Vidar smiler og nikkar. Han har høyrt kritikken før.

– Jau då, det er kontroversielt. Men så er det viktig å understreke at det eg driv på med ikkje er vitskap, men underhaldning.

Han gir forskarane rett i at det ikkje finst spesielle kroppsuttrykk som beviseleg kan knytast til løgn. Teikna kan variere frå person til person.

– Men eg kan ikkje gjere anna enn å vise til det eg har fått til. I dei aller fleste tilfelle klarer eg å treffe. Det talar i grunnen for seg. Så får folk meine kva dei vil.

– Kva ser du etter når du skal avsløre løgn?

– Det handlar om å vere konsentrert, og sjå etter kroppslege reaksjonar som ikkje er i samsvar med det som blir sagt. Ofte er det ørsmå teikn som ikkje passar inn i situasjonen, ting som skurrar. Blikk, pust, nøling, smil på feile plassar, urolege bein – det kan vere mykje forskjellig. Og det finst ingen fasit.

Vidar blir alvorleg når han snakkar om kor viktig der er å forstå desse små signala. Dei vi gjerne skjuler bak smil og sjølvsikre miner. Som kan bety at ikkje alt er som det skal vere.

Signal som i visse tilfelle kan få heilt avgjerande betydning, om dei blir tolka rett. Den 17 år gamle jenta som Vidar og kollegaen berga ned frå brua i 1999, var eit slikt tilfelle.

Smilet

Dei to politimennene får jenta inn i bilen, og køyrer til legevakta. Der ventar ein rutinesjekk. Legen skal avgjere om ho skal leggast inn til psykiatrisk observasjon.

"Du forstår ikkje korleis eg har det", seier jenta på veg innover. Ho verkar opprørt. Men så er det som om noko losnar. Ho fell til ro, og blir meir snakkesalig. Hos legen forsikrar ho om at alt er i orden. Det som skjedde på brua var berre eit dumt påfunn, eit eingongstilfelle. Ho kjem aldri til å gjere det igjen.

Jenta snakkar godt for seg. Ho verkar truverdig, både på legen og dei to politimennene. Dei får til slutt køyre henne heim, og blir møtt utanfor huset av sjokkerte foreldre. Etter ei stund kjem jenta bort til Vidar. Ho gir han ein klem, og seier «tusen takk for hjelpa».

– Eg kjende eit stikk i magen då ho sa dei orda. Utan at eg kunne sette fingeren på kva det var, følte eg at noko var feil.

Det som så skjer, har brent seg fast på netthinna for alltid. Dei to politimennene gjer seg klare til å dra. Vidar set seg i bilen. Jenta går opp trappa mot huset. På det øvste trinnet snur ho seg, og ser han rett inn i auga. Ho vinkar og smiler.

Jente vinker

– Då ho smilte og vinka til meg, kjende eg det stakk. Det var noko med smilet som planta ei uro i meg.

– Eg smiler tilbake. Men nok ein gong kjenner eg dette stikket i magen. Det er noko med smilet som plantar ei uro i meg.

På veg tilbake til stasjonen prøver han å riste ubehaget av seg. Slår seg til ro med at det sikkert er ein typisk nybegynnarfeil å overtolke alt. I bilen blir det ikkje sagt så mykje. Vidar blir sitjande å tenke over det han har opplevd. Lite veit han då om kva som ventar han.

Skeptiske kollegaer

I 2013, då han slutta i politiet, mangla det ikkje på reaksjonar. Særleg arbeidskameratane var skeptiske. Fleire meinte det var useriøst å bruke erfaringar frå politiarbeidet til å lage underhaldning. Men då han seinare sette opp eit stort show i Haugesund, møtte eks-kollegaene mannsterke opp.

– Det gjorde godt. Etter showet kom fleire bort og sa «No skjønnar eg kvifor du slutta». Dei forstod at eg har noko viktig å lære bort. Etter det fekk eg fleire undervisningsoppdrag, også for politiet.

Vidar Hansen

– Å forstå kroppsspråk kan ha avgjerande betydning, seier Vidar Hansen.

Foto: KJELL JØRAN HANSEN / NRK

– Kvifor er det viktig for deg å lære bort det du kan om kroppsspråk?

Det milde blikket får noko insisterande over seg.

– Det å forstå kroppsspråk kan bety mykje, både på jobb og på heimebane. Om partnaren din strevar med noko, kan du fange opp signala mykje raskare. Skal du på jobbintervju, har du ein stor fordel om du veit korleis kroppsspråket ditt verkar på andre. Det kan bety forskjellen på om du får jobb eller ikkje.

Empati

Grunnen til at Vidar valde politiyrket, var eit ønske om å hjelpe folk som hadde det vanskeleg. Heilt frå han var liten, var det motivasjonen og drivkrafta.

Når ein ser han, verkar det ikkje urimeleg. Mannen ser tvers igjennom snill ut. For snill for politiet?

– Empati var nok både svakheita og styrken min som politimann. Eg kom lett inn på folk. Du oppnår raskare tillit og respekt med eit smil og eit handtrykk, enn med aggressiv kommandostil.

Vidar meiner empati er avgjerande for å bli god til å avsløre løgn. Logikken er enkel: skal du forstå deg på menneske, må du interessere deg for menneske. Men evna til medkjensle kunne også stå i vegen.

– Det å skrive ut bøter, var ofte vanskeleg for meg. Eg fekk lett sympati med folk som hadde hamna på feil side. Og i mange tilfelle klarte eg ikkje å legge frå meg vonde opplevingar. Mens andre «skrudde av» i det dei tok av seg uniforma, sleit eg med å legge bort traumatiske inntrykk. Eg kunne streve med dei i lang tid.

Det var det som skjedde den junikvelden i 1999.

Den vonde natta

Vidar blir liggande og vri seg utover natta. Søvnen vil ikkje komme, tankane gir ikkje fred. Han tenker på jenta, på klemmen han fekk, på smilet. Kva var det med det smilet? Kva betydde det stikket han kjende i magen? Var det rett å la henne gå?

I det han kjem på jobb neste morgon, får han beskjeden: jenta er død. I løpet av natta har ho tatt livet sitt. Heime i huset, medan foreldra trudde ho sov trygt.

– Verda rasa fullstendig saman. Eg hadde jobba mindre enn ei veke i politiet. Men i staden for å hjelpe folk, hadde eg medverka til eit tragisk dødsfall. Slik følte eg det i alle fall.

Som om ikkje dette er nok, blir Vidar sendt til åstaden for å hjelpe krimteknikarane med å ta hand om den døde. Liket av 17-åringen han trudde han hadde snakka tilbake til livet for mindre enn eit døgn sidan.

– Heilt surrealistisk. Og vondt. Sommarkjolen var den same. Då eg fekk henne i armane, kjende eg håret streife mot ansiktet mitt. Eg kjende den same parfymelukta som dagen før. Då levde ho – no var ho død. Då vi la henne på båra, tenkte eg: dette er min feil. Det er mi skuld at ho ligg der.

Der og då bestemmer Vidar seg for å slutte på dagen.

Han køyrer strake vegen tilbake til stasjonen, tar av seg politiskiltet, og leverer det inn. Den sjokkerte sjefen trur ikkje det han høyrer. Han ber Vidar besinne seg, og forklare kva som har skjedd.

Litt etter litt får han Vidar over på andre tankar. Med støtte frå gode kollegaer, kjem han seg sakte, men sikkert på beina att.

I staden for å slutte, meiner sjefen at han bør bruke opplevinga til noko positivt. Prøve å lære noko av det. Finne ut av kvifor han fekk den vonde magefølelsen den kvelden, kva desse signala betydde.

– På den måten kunne eg bli betre rusta til å takle liknande situasjonar seinare.

Vidar blei verande i politiet i 14 år.

Vendepunktet

Opplevinga blei starten på noko nytt. Den sette i gong ei brennande interesse for kroppsspråk og intuisjon. To viktige spørsmål måtte han finne svar på: kunne han ha oppdaga kva jenta skjulte? Kunne han ha hindra det som skjedde?

Han bestemte seg for å grave etter svar. Kva var det han hadde følt på, men ikkje forstått den fatale kvelden?

– Eg gjekk på kurs, og las alt eg kom over av faglitteratur. Saumfór blikk, hender, pust. La merke til måten folk snakka på, måten dei stod på, ørsmå rørsler i ansiktet.

Etter kvart som han blei flink, blei dette eit hemmeleg våpen han brukte i politiarbeidet.

– Eg kunne få mykje informasjon ut av motparten, som dei ikkje visste at dei gav meg.

I 2010 fekk han og makkeren politidistriktet sin årlege pris, fordi dei hadde oppklart flest saker, og arrestert flest kriminelle. Talet låg langt over landsgjennomsnittet.

Men spranget frå å jakte på forbrytarar til å jakte på latter og beundring frå publikum er stort. Kvifor ikkje heller bruke evnene til viktig politiarbeid? Til å bli avhøyrsekspert, og avsløre kriminalitet?

– Eg starta i det små med å opptre ved sidan av jobben. Så balla det på seg, oppdraga blei fleire. Eg merka at eg likte det å stå framfor eit publikum. Til slutt blei det for freistande å finne ut om eg kunne leve av hobbyen min. I utgangspunktet skulle det vere ein pause på eitt år, men no har den vart i fem.

Men kva om Vidar hadde blitt verande i politiet? Og kva om det som skjedde den sommarkvelden for 19 år sidan, hadde skjedd i dag? Ville utfallet blitt eit anna? Svaret kjem kontant.

– Ja, garantert. Hadde eg visst det eg no veit, hadde det ikkje skjedd. No veit eg kva for teikn eg skal sjå etter. Falske smil er den mest brukte maska til å undertrykke vonde kjensler. Den jenta hadde eg aldri reist frå.

Kan selvtillit øves opp? Sebastian føler seg utilpass i møte med fremmede. Han er med på et eksperiment der han må lyge. Hva gjør det med kroppsspråket? Kan han lære å bli tryggere når han møter nye folk?
(6:6)

Sjå episoden: Kva skjer med kroppsspråket når du lyg?