NRK Meny
Normal

Voss ungdomsskule stengt

Vangsvatnet steig så høgt natt til onsdag, at også Voss ungdomsskule måtte stenge. 483 elevar er sendt heim.

Voss ungdomsskule

STENGT: 483 elevar er sendt heim.

Foto: 03030-tipsar

Voss i flom

483 ELEVAR: Elevane ved Voss ungdomsskule vart sendt heim.

Foto: Vidar Herre / Hordaland / NTB scanpix

– Det har vore nokon spanande timar, og eit spanande døgn. Me trudde det skulle gå relativt bra, men i går kveld flaut vatnet inn på skuleplassen og opp rundt tre av fløyene, seier rektor på Voss Ungdomsskule, Camilla Fines Aronsen.

– Då me kom til skulen i dag tidleg hadde ein del av vatnet trekt seg attende, men det står framleis rundt gymnastikkbygget og vestfløya vår. Det ligg enorme mengder med rekved, søppel og ein gamal flåte på skuleplassen, seier ho.

Måtte stenge

Flaum på Voss

SKULEPLASSEN: Mykje har drive med vatnet og inn på skuleplassen på Voss ungdomsskule. Ei gamal flåte ligg også på området til skulen.

Foto: 03030-tipsar

Rektor på Voss ungdomsskule seier dei måtte vareta tryggleiken til elevane, og at arbeidsforholda måtte vere gode nok.

Skulen hadde verken straum eller ventilasjon, og måtte difor stenge. Dei 483 elevane som går på skulen vart sendt heim onsdag morgon.

– Me har sikra området med sperringar, og lensene har stått og pumpa ut vatn frå den eine kjellaren sidan i natt, og det hadde i utgangspunktet ikkje store konsekvensar, seier Aronsen.

– Så såg me at mykje vatn flaut inn østfløyen vår, og då byrja vatnet å gå opp mot det tekniske anlegget vårt, seier ho.

Straumen vart tatt klokka 7.45 onsdag morgon.

– Me trudde me skulle få det på att, men det har me ikkje fått anna enn i spesialavdelinga vår, seier rektoren.

Stengt på ubestemt tid

Flaum på Voss

DRIV MED VATNET: Voss ungdomsskule har fått mykje rekved og bos på skuleplassen etter flaumen.

Foto: 03030-tipsar

Rektor Camilla Fines Aronsen veit ikkje kor lenge dei må halde skulen stengt.

– Me er avhengige av teknisk personell, og han som var på synfaring her i dag tidleg vart beordra vidare fordi det er så mange viktige driftsbygg i kommunen som er ramma av flaumen, seier ho.

– Han kjem attende på uvisst tidspunkt. Me er i kontakt med kriseteamet i Voss kommune med omsyn til vidare drift, men alternative bygg har me ikkje vurdert endå, seier Aronsen.

Rektoren skryt av dei tilsette ved skulen, og ho skryt også av skyss-selskapet som set opp ekstra bussar for å få elevar heim.

Flaum på Voss

BAK SKULEN: Utescena bak Voss ungdomsskule er dekka av rekved og vatn.

Foto: 03030-tipsar

Siste video

Vi flyttet studioet vårt ned til sentrum i anledning sykkel-VM
Opp mot 15.000 publikummere fant veien til Fløyen i Bergen under dagens temporitt.
Flere overnattet på fjellet for å holde av de beste plassene.