NRK Meny
Normal

Brannvesenet ber folk halde seg inne

Vinden herjar i Hordaland. Fleire tak har blitt flerra av, bilar er knuste og mange har vore stramlause. No blir folk åtvara mot å gå ut.

Syv garasjer mista taket på grunn av kraftig vind

Ein bil vart treft då fleire garasjar suste av garde i den kraftige vinden i Fyllingsdalen. Ein annan plass i Bergen vart ei bustadblokk evakuert da taket losna.

Vaktkommandør på 110-sentralen, Sigbjørn Villanger seier folk bør halde seg inne.

– Vi får meldingar om så mange lause gjenstandar som blåser, og vinden har kast opp til orkan styrke. Å bli treft av noko kan vere direkte livsfarleg, seier Villanger.

Han anbefaler folk å halde seg inne.

Garasjetak flaug av garde

Storm og vinden herjar dagen før nyttårsaftan på Vestlandet. I Hordaland har politiet så mykje å gjera på at dei har kalla inn Sivilforsvaret for å hjelpa til.

Mellom klokka 11.00 og 12.00 onsdag føremiddag har det hagla inn med meldingar om garasjetak, fasadar, metallplater og bustadtak som har losna i den sterke vinden.

I Fyllingsdalen i Bergen, der ein bil vart treft då sju garasjetak fauk av garde i Dag Hammarskjøldsveg. Heldigvis kom ingen til skade.

Sju garasjer blåste vekk i Fyllingsdalen i Bergen

Ein passerande bil vart treft då garasjene losna i Dag Hammarskjøldsveg i Fyllingsdalen.

Foto: Paola Vittor / 03030-tipser

Like etter klokka 13 fortalte politiet at dei sikrar eit anna garasjeanlegg på samme adresse, fordi dei fryktar vinden skal ta dette også.

Starta evakuering av bustadblokk

Like før rykka naudetatane ut til ei bustadblokk i Harald Sæverudsveg i Fana, der taket var i ferd med å blåsa vekk.

– Ein patrulje har tatt seg opp på eit nabobygg og ser at kring 60 kvadratmeter av taket har losna. Det har lagt seg over resten av taket, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen.

– Med tanke på at dette kan blåse vidare og skape fare, så starta vi evakuering. Bebuarane i blokka er flytta ein etasje ned i bygget.

Like etter klokka 12.00 har naudetatane kontroll på staden i Fana. Brannvesenet slår fast at taket ligg trygt og dei har heva sperringane.

Bergen

SJÅ VIDEO: Naudetatane er på staden i Harald Sæverudsveg, der store delar av taket på ei blokk har losna.

Nytt garasjetak har blåst av

Frå før av har eit anna garasjetak i Bergen blåst av og treft ein parkert bil. Det skjedde i Vognstølen på Landås tidlegare i dag.

På Danmarksplass i Bergen kjem det klokka 11.40 meldingar om at delar av ein fasade er i ferd med å losna. Politiet er på staden.

Ingen personar er kome til skade verken i Fana eller i Fyllingsdalen, melder politiet og brannvesenet.

Kraftig vind og OBS-varsel

– I Bergen sentrum har det vore liten kuling med sterke vindkast. På Liafjellet på Sotra har det vore full storm og kraftige vindkast, fortel vakthavande meteorolog Arnstein Tjøstheim.

Det er sendt ut OBS-varsel for Vestlandet sør for Stad:

«Onsdag søraust liten til full storm på kysten og i fjellet, minkande natt til torsdag, torsdag formiddag ny auke til søraust liten storm. Begge dagar lokalt vindkast på 25–30 m/s i låglandet og fare for snøfokk og vanskelege køyreforhold på fjellovergangane», heiter det i varselet frå Meteorologisk institutt.

25 m/s i vindkast i Bergens-området sier meteorolog John Smits

Meteorolog John Smits forteller om den kraftige vinden på Vestlandet i dag.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.