No vil dei slå seg saman til ein kommune

I dag tek Lindås og Radøy eit stort steg mot kommunesamanslåing.

Astrid Aarhus Byrknes og Jon Askeland

GÅR I FORHANDLINGAR: Ordførar i Radøy, Jon Askeland og Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes, vedtek truleg å gå i forhandlingar om ei kommunesamanslåing i dag.

Foto: NRK

I dag vedtek kommunestyret i både Lindås og Radøy i Nordhordland høgst truleg samrøystes å gå i forhandlingar om å slå seg saman til ein kommune.

Noko anna vil overraske, seier ordførar i Radøy, Jon Askeland.

Radøy, Lindås og Meland

NY KOMMUNE? Radøy, Lindås og Meland vil vurdere å slå seg saman.

Foto: nykommune.no / grab/

– Eg føler meg veldig trygg på at Radøy går for å byggja ein ny kommune.

Også Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes meiner kommunestyret vil vere samstemte om at det er rett å gå inn i forhandlingar med Radøy.

– Det ville overraska meg om ikkje det blir samrøystes vedteke at vi går i reelle drøftingar med våre nabokommunar, seier Byrknes.

Kan få 28.000 innbyggjarar

I ein rapport anbefaler ekspertutvalet til Regjeringa at ein kommune bør ha minst 15.000-20.000 innbyggarar per kommune.

LES OGSÅ: Vil ha tak på innbyggjartal i kommunane

Nils Marton Aadland

BLIR TRULEG MED: – Det ser ut til å gå mot forhandlingar mellom Lindås, Meland og Radøy, seier ordførar i Meland, Nils Maraton Aadland.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Slår Radøy og Lindås seg saman vil dei komme opp i eit innbyggjartal på 20.108 personar. Men kommunen kan verte enda større, for Meland vil også vere med. Dei gjer truleg same vedtak neste veke, seier ordførar Nils Marton Aadland.

– Det ser ut til å gå mot forhandlingar mellom Lindås, Meland og Radøy. Men me held døra open for alle naboar.

Desse tre som no går i bresjen for ein storkommune vil til saman ha rundt 28 000 innbyggjarar.

– Håpar så mange som mogleg vil vere med

Også Lindås og Radøy held døra open for andre som vil slå seg saman. Men det er langt frå sikkert at alle dei andre vil vere med. Verken Masfjorden, Austrheim eller Fedje har saka på planen før over nyttår.

Modalen sa nei til samtalar om samanslåing for eit halvt år sidan, men har snudd og vil ha plass rundt bordet. Blir dei fire kommunane med Radøy, Lindås og Modalen med på ei samanslåing vil innbyggjartalet komme opp i 33.111 personar.

– Me skal lage ein heilt ny kommune, og eg håpar at så mange som mogleg av kommunane vil vere med på det, seier Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

Siste video

Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.